Skriftlig spørsmål fra Hege Haukeland Liadal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2512 (2019-2020)
Innlevert: 04.09.2020
Sendt: 04.09.2020
Besvart: 11.09.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Hege Haukeland Liadal (A)

Spørsmål

Hege Haukeland Liadal (A): Kor tid reknar samferdselsministeren med at ein proposisjon om dette prosjektet kan leggjast fram for handsaming i Stortinget?

Begrunnelse

Eg er kjent med at det før sommaren vart gjort positive vedtak i Ullensvang kommune og Vestland fylkesting i sak om «E134 Røldal-Seljestad - Delvis bompengefinansiering.
Eg er saman med svært mange andre i Vestland, i Rogaland samt Vestfold og Telemark utålmodig på å koma i gang med dette viktige prosjektet med tunnel bak Røldal. Prosjektet betyr mykje for vinterregulariteten, driftskostnaden for dei mange tungtransportørane som nyttar E134, og ikkje minst gjev det store positive miljøkonsekvensar i form at store utsleppsreduksjonar pga. færre høgdemeter som må køyrast opp og ned til Røldal.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Representanten Haukeland Liadal spør om vegprosjektet E134 Røldal-Seljestad, som er eit vegprosjekt i planfasen i regi av Statens vegvesen i Vestland fylke. Prosjektet inngår i planane for ny vintersikker veg på ein strekning av E134 over Haukelifjell, og er prioritert i siste del av Nasjonal transportplan 2018-2029 jf. Meld. St. 33 (2016-2017) på vilkår av tilslutning til delvis bompengefinansiert utbygging. Ved handsaminga av meldinga la eit fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen til grunn at bompengebidraget kunne nyttast først, slik at byggestart kunne framskundast til første del av planperioden.
Det er gjort lokale vedtak om delvis bompengefinansiering i kommunestyret i Ullensvang kommune og i fylkestinget i Vestland fylkeskommune i år. Det skal etter planen gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) for prosjektet. Statens vegvesen har, etter at dei lokale vedtaka blei fatta, utarbeidd nytt anslag for prosjektet og vil oversende grunnlagsdokumenta for KS2 til Samferdselsdepartementet når desse er klare. Tidspunkt for når ein bompengeproposisjon kan bli klar vil avhenge av KS2-prosessen. Det er derfor for tidleg å seie når ein proposisjon kan leggast fram for Stortinget.