Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2519 (2019-2020)
Innlevert: 04.09.2020
Sendt: 07.09.2020
Besvart: 14.09.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden forsikre at alle kostnader knytt til utbygginga av Evenes flystasjon vert ført i prosjektrekneskapen og ikkje lagt inn i til dømes Luftforsvarets ordinære budsjettpostar?

Begrunnelse

Det er kjent at ein i byggjeprosessen på Evenes gjer innsparingar. Til dømes byggjer ein forlegningar til mannskapar utan bad og toalett på romma, ulikt det ein gjer andre stader. Det vert frå enkelte hald også hevda at kostnader ikkje vert ført i prosjektrekneskapen men ført på andre ordinære budsjettpostar, til dømes i Luftforsvaret.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Stortinget har vedteke å etablere Evenes flystasjon som framskoten operasjonsbase for våre kampfly i Nord-Noreg og base for dei nye maritime overvakingsflya. Flystasjonen vil etablerast som ein fullverdig militær flystasjon for operasjoner med F-35 og P-8A gjennom gjenbruk av all eksisterande infrastruktur ved flystasjonen kombinert med bygging av nye permanente bygg og anlegg. Forsvarsbygg stadfestar at alle kostnadar, både for bygging av ny permanent infrastruktur og naudsynte åtgjerder på eksisterande infrastruktur i samsvar med føresetnadane i Stortinget sine vedtak frå 2012 og 2016, vert førte i prosjektrekneskapen. Mellombelse tiltak for å oppretthalde den daglege drifta vert dekte over driftsbudsjetta til Forsvaret i samsvar med normal praksis.