Skriftlig spørsmål fra Terje Aasland (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2543 (2019-2020)
Innlevert: 07.09.2020
Sendt: 08.09.2020
Besvart: 15.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Ønsker statsråden å korrigere svaret han ga til meg i spørsmål 1616 (2019-2020), og hvis ikke kan statsråden forklare hva i dokumentet med NOAH sin begrunnelse for samdrift som var «næringsopplysningar som av konkurranseomsyn må haldast hemmeleg»; mener statsråden at han har fulgt lovkravene knyttet til frister for journalføring og behandling av innsyn i denne saken?

Begrunnelse

Statsråden besvarte mitt spørsmål 1616 (2019-2020) med en påstand om at statsråden ikke kunne frigi NOAH sin begrunnelse for samdrift i Dalen gruver i Brevik fordi det

«inneheld informasjon om næringsopplysningar som av konkurranseomsyn må haldast hemmeleg.»

Statsråden hevdet også at:

«For den resterande delen av dokumentet som ikkje inneheld slik informasjon, blei det óg gjort unntak frå innsyn då berre denne delen av dokumentet aleine er eigna til å gje eit misvisande inntrykk av innhaldet elles.»

Porsgrunn kommune klaget NOAH sitt manglende innsyn inn for Klagenemnda for Miljøinformasjon og fikk dermed etter hvert innsyn i dokumentet. Det viser at dokumentet ikke inneholder noen form for forretningshemmeligheter, og i den grad noe av dokumentet kan sies å inneholde forretningshemmeligheter så måtte det være enkelt å sladde ut slik at resten av dokumentet kunne frigis. Slik saken fremstår nå så var ikke statsrådens sitt svar 1616 (2019-2020) korrekt, innsyn ble feilaktig nektet og frister for journalføring ble brutt. Jeg ønsker å gi statsråden en mulighet til å korrigere sine svar, opplyse om eventuelle brudd på lovverket og å fortelle om hvordan han vil bidra til at deponisaken får den åpenheten som saken fortjener.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Den klare hovudregelen er at dokumenter blir journalført fortløpande. Innsynskrav behandlast raskt i tråd med føresegna i offentleglova og miljøinformasjonslova, og den klare hovudregel er at dokumenter er offentlege. Likevel kan det vere grunnlag for at nokre dokumenter både kan og skal vere unntatt frå offentlegheit. Dette gjeld også i saker kor det er eit særleg behov for openheit. Det kan gjerast unntak frå innsyn til dømes i interne notat der det er behov for det. Vidare har departementet plikt til å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til informasjon som er underlagt teieplikt, som kan vere informasjon om nokon sine personlege forhald eller ulike forretningsforhald som det ut frå konkurranseomsyn er av betydning at haldast hemmeleg.
Det konkrete dokumentet det her blir stilt spørsmål ved gjeld eit notat om samdrift mellom NOAH og Norcem i Dalen gruve, som opphaveleg vart sendt frå NOAH til Ekspertutvalet for farleg avfall. I mitt tidlegare svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Aasland, svarte eg på spørsmål om innsyn i det same notatet ut i frå situasjonen på dåverande tidspunkt. På dåverande tidspunkt blei notatet vurdert slik at det inneheldt informasjon av strategisk og forretningsmessig art som det var av betydning for den opplysingane gjaldt at blei heldt hemmeleg av konkurranseomsyn. Seinare, i august i år, har NOAH sjølv vald å offentleggjere notatet. Da er grunnlaget for å gjere unntak frå innsyn falt bort, og departementet har no gitt innsyn i dokumentet.
Når det gjeld journalføring er denne saka som tidlegare forklart spesiell, ved at dette dokumentet opphaveleg inngjekk som ein del av saksdokumenta til Ekspertutvalet for farleg avfall. Sidan utvalet ikkje oppretta fortløpande journal, tok det noko tid å få klarlagt korleis dokumenta skulle bli arkivert og korleis departementet skulle sørgje for journalføring irekna offentleggjering av utvalet sine saksdokument etter overtaking.