Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2586 (2019-2020)
Innlevert: 11.09.2020
Sendt: 11.09.2020
Besvart: 18.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Dersom en rovviltkontakt (RVK) i SNO legger inn en rapport i rovbasen kan den endres av andre uten at det rutinemessig bemerkes at endringer er gjort, og hvem som har endret konklusjonen. I dag kan lokal RVK bli stående som ansvarlig for en konklusjon, uten å være enig i den. Systemet virker å være bygd opp for at byråkratiet med rovvilt som hovedmål, kan overprøve lokale observasjoner og erfaringsgrunnlag.
Kan ministeren forsvare en slik praksis, eller vil han sørge for å endre denne praksisen?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Sidan 1980-talet er det i Noreg gjennomført systematiske undersøkingar av døde og skadde husdyr og tamrein når det har vore mistanke om at skaden har vore valda av rovvilt. Gjennom desse åra er omtrent 180 000 innmeldte skadar undersøkte av miljøforvaltninga.
Statens naturoppsyn (SNO) gjer ein viktig jobb med mellom anna undersøking av skadar på beitedyr og observasjonar, spor eller andre teikn frå rovvilt. Mykje av undersøkingane blir gjort av rovviltkontaktane etter instruksar som gjeld for dette dokumentasjonsarbeidet. Instruksane er utvikla på bakgrunn av både vitskapeleg arbeid og erfaringane SNO har bygd opp gjennom mange år, og utgjer eit viktig grunnlag for dokumentasjonsarbeidet.
Rovviltkontaktane er lokale representantar som er fast tilsett ved tilkalling. Dei kan også vere sau- eller tamreineigarar i dei aktuelle områda dei arbeider. I tillegg til rovviltkontaktane har SNO fagansvarlege tilsette med ansvar for ulike område i Noreg. Dei fagansvarlege har mellom anna ansvar for å gå gjennom dokumentasjonen rovviltkontaktane legg fram frå sine undersøkingar, og gjere ei kvalitetssikring opp mot dei fastsette instruksane.
At det skjer ei kvalitetssikring av arbeidet er viktig av fleire årsaker. Dokumentasjonen frå SNO er ein viktig del av grunnlaget for utmåling av erstatning til dyreeigarar, utløysing av eventuelle løyver til skadefelling av rovvilt og vurdering av storleiken på rovviltbestandane. Det er også eit viktig prinsipp at arbeidet som blir gjort i felt skal vere mogleg å etterprøve etter dei fastsette instruksane. I tillegg kan det av ulike årsaker vere krevjande å vurdere alt materialet i ein feltsituasjon og kome fram til riktig konklusjon. Eg vil også peike på at det er viktig at arbeidet skjer etter samordna metodikk i heile landet, og dette er noko dei fagansvarlege i SNO er ansvarlege for å følgje opp.
Generelt gjer dei lokale rovviltkontaktane ein svært god jobb. I nokre tilfelle finn likevel dei fagansvarlege i SNO at dokumentasjonen er av slik karakter at konklusjonen skal endrast. Det kan vere at fagansvarleg finn at dokumentasjonen tilseier at ein usikker konklusjon frå rovviltkontakten blir styrka, eller at det ikkje er grunn til å konkludere så tydeleg som rovviltkontakten har vurdert. Justering av ein konklusjon kan altså gå begge vegar.
I dei fleste tilfelle blir den foreløpige konklusjonen frå rovviltkontakten ståande. I tilfelle der fagansvarlege i SNO er usikker på ein konklusjon blir dette som hovudregel vurdert i samråd med den aktuelle rovviltkontakten. I nokre tilfelle vil også den fagansvarlege vere usikker i tolkinga av ein skade. Det er difor etablert ei ekspertgruppe som uttaler seg i vanskelege saker der det er særskilt krevjande å tolke om rovvilt er årsak til skaden eller ikkje. Ekspertgruppa, som er satt saman av fagansvarlege i SNO med lang erfaring i arbeid med skadedokumentasjon, bidreg til kalibrering og likebehandling i vanskelege saker.
I rovviltforvaltninga er vi svært opptatt av å ha gode system med kvalitetssikring for å sikre best mogleg kunnskap som grunnlag for dei vurderingane vi gjer om erstatning, løyver til skadefelling m.m. Det handlar altså om å ha korrekt informasjon for å gjere ein best mogleg jobb med oppfylging av eit krevjande politikkområde.