Jenny Klinge (Sp): Regjeringa vil omorganisere trafikkstasjonane.
Meiner statsråden at denne sentraliseringa av tenestetilbodet sikrar eit godt tilbod til ungdom på Sunnmøre og andre stader som blir råka, eller vil han vurdere å trekkje planane om å omorganisere trafikkstasjonane?
Begrunnelse
Regjeringa annonserte i juni korleis den vil organisere framtidas trafikkstasjonar. Som skikken har vore dei siste åra, set regjeringa ordet «framtid» i samanheng med «sentralisering». Trass i sterk motstand, vil regjeringa sentralisere og fjerne store delar av tenestetilbodet ved trafikkstasjonane. Dette inneber nedlegging av tilbodet om førarprøve for motorsykkel, førarprøve for tunge køyretøy og hallkontroll for lette og tunge køyretøy mange stader.
Mellom anna på Sunnmøre fører nedlegginga av tilbodet på Ørsta trafikkstasjon til at 16-åringar som ønskjer å ta førarprøven for lett motorsykkel må reise halvanna time kvar veg til Ålesund. I tillegg må foreldra ta seg fri frå jobb for å køyre ungane sine. Dette går både utover skulegangen til ungdommane og økonomien til familiane.
I tillegg vil sterke fagmiljø rundt omkring i landet forsvinne om tilbodet ved mange trafikkstasjonar blir rasert. Arbeidsplassar kan forsvinne og ein får indirekte ei sentraliseringa av trafikkskular òg, fordi desse gjerne vil opphalde seg og drive undervisning nær der oppkøyringstilbodet er. Fråværsgrensa i vidaregåande skule er også relevant, fordi denne flyttinga av tenestetilbod vil medføre lenger reisetid og dermed meir fråvær frå skulen.