Skriftlig spørsmål fra Terje Aasland (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2669 (2019-2020)
Innlevert: 18.09.2020
Sendt: 18.09.2020
Besvart: 19.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Kan statsråden redegjøre for om det vært igangsatt et arbeid av en eller annen art for å enten utarbeide eller forberede en statlig reguleringsplan for gruvene i Brevik og hva innebærer statsrådens uttale om at man ikke går videre med en statlig reguleringsplan nå?

Begrunnelse

I Telemarksavisa 17.09.20 kan vi lese følgende: "Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sier til TA at regjeringen ikke går videre med en statlig plan for Brevik" I svaret til Telemarksavisa sier statsråden følgende:

"Regjeringa si oppgåve i denne typen saker er å sikre at det finst tilstrekkelig nasjonal deponikapasitet for farleg avfall. Fram til no har det sett ut til at denne vil vere uttømt i 2024, noko som har aktualisert spørsmålet om statleg plan i Brevik.
Sidan eg vart klima- og miljøminister i januar har eg hatt tett dialog med ulike kommunar og aktørar for å kartlegge alternativ. Med dei nye planane som NOAH har presentert i dag, kan vi potensielt ha nasjonal kapasitet til 2030. Det er positivt, og gir rom for teknologisk utvikling og vonleg mindre deponibehov i framtida.
Regjeringa går difor ikkje vidare med planane om statleg plan i Brevik no. Eg understrekar at det er Miljødirektoratet som behandlar og eventuelt godkjenner planane om forlenging på Langøya. Sidan det er eg som har ansvaret for nasjonal behandlingskapasitet, vil eg følgje utviklinga nøye."

Ut i fra statsrådens svar til Telemarksavisa er det grunn til å be om avklaringer fra statsråden på hva det innebærer at "Regjeringa går difor ikkje vidare med planane om statleg plan i Brevik no" Har det vært igangsatt et arbeid av en eller annen art for å enten utarbeide eller forberede en statlig reguleringsplan for gruvene i Brevik og hva innebærer det at man ikke går videre med en statlig reguleringsplan nå.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det har lenge vore kjent at dagens deponi for farleg avfall på Langøya vil vere fullt rundt 2024, og at det då er behov for ei ny løysning. Utgangspunktet er at industrien sjølv har ansvaret for å sikre forsvarleg behandling av sitt farlege avfall og å etablere behandlings-løysingar. Samstundes har staten eit ansvar for å sikre at vi held vår internasjonale plikt til å kunne handtere farleg avfall nasjonalt. At vi har eit ansvar for å sikre slik nasjonal behandlingskapasitet har blitt understreka fleire gonger, mellom anna av ESA.
Det har over lengre tid gått føre seg ein prosess for å vurdere om det er behov for at staten skal ta ei rolle for å sikre ny behandlingskapasitet for farleg avfall. I dette arbeidet har behovet for statleg plan for eit deponi for farleg avfall i Brevik vore til vurdering. Sidan representanten har stilt både meg og mine forgjengarar gjentekne spørsmål om dette, legg eg til grunn at dette ikkje er ny informasjon for han. Gjennom første halvår har eg hatt omfattande dialog med ulike kommunar og aktørar for å få informasjon om alternative løysingar.
Miljødirektoratet sendte i juni i år brev til både NOAH og Miljøteknikk Terrateam, der dei ba om informasjon om moglege tiltak for å forlenge levetida ved eksisterande deponi.
NOAH sendte 15. september eit svar til Miljødirektoratet, der dei peikar på moglege tiltak som potensielt kan gje behandlingskapasitet for farleg avfall fram til 2030. Ei forlenging av kapasiteten på Langøya vil mellom anna krevje løyve frå Miljødirektoratet.
Forlenga deponikapasitet vil gje meir tid til å realisere den teknologiutviklinga som ekspertutvalet om farleg avfall har peika på, der mellom anna utvikling av nye gjenvinningsløysingar vil kunne gje mindre deponeringsbehov i framtida.
Eg vurderer dette som interessante, nye moglegheiter som må avklarast om lar seg realisere. Regjeringa har ikkje starta ein statleg planprosess i Brevik. Og den nye informasjonen frå NOAH gjer at eg heller ikkje ser behovet for å starte ein slik prosess no.
Som klima- og miljøminister har eg eit ansvar for å sikre nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall, og eg vil difor følgje utviklinga nøye.