Skriftlig spørsmål fra Emilie Mehl (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2756 (2019-2020)
Innlevert: 25.09.2020
Sendt: 28.09.2020
Besvart: 06.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Emilie Mehl (Sp)

Spørsmål

Emilie Mehl (Sp): Jeg viser til statsrådens svar i dok. 15:2599 (2019-2020), hvor han skriver at jegere har "lykkes med trening" uten å reflektere over hvor dette har foregått. Jeg understreker at treningen med løs hund som har vært helt avgjørende for de gode resultatene i skadefellingsprosjektet i Nord-Østerdal til nå har foregått i Sverige og i Canada. Dette er dyrt og til stor ulempe.
Vil statsråden legge til rette for tilsvarende trening med løs hund til dette formålet i Norge, og hvis ikke, hvor og hvordan mener han at hundene kan trenes?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg vil fyrst understreke at utgangspunktet er at det gjeld eit forbod mot bruk av laus, på drevet halsande hund ved felling av ulv. Det er opna for at forvaltninga kan gje dispensasjon frå forbodet når det gjeld skadefelling av ulv, men det er altså unntaksvis eit aktuelt verkemiddel ved slik skadefelling av ulv. Det er ikkje ønskeleg med utstrekt og generell bruk av laus, på drevet halsande hund ved felling av ulv. Eit viktig moment i grunngjevinga for dette er omsynet til anna vilt, husdyr eller tamrein som kan bli jaga, skadde eller drepne av hund.
Med det som bakgrunn vil det også vere eit noko avgrensa behov for slike hundar, og det er ikkje nødvendig med eit større tal hundar spesialisert på skadefelling av ulv i barmarksperioden. Inntrykket eg har frå dei førebelse rapportane denne sommaren er at hundar i hovudsak har vore tilgjengelege og vorte nytta i dei tilfelle dette har vore aktuelt. Som eg òg nemnte i mitt tidlegare svar, skal Miljødirektoratet summere opp erfaringane med bruk av laus, på drevet halsande hund ved skadefelling av ulv. Eg vil sette meg grundig inn i materialet som kjem ut av dette.