Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2768 (2019-2020)
Innlevert: 27.09.2020
Sendt: 28.09.2020
Besvart: 01.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): I Bt 17.09 kommer det frem at UNO-X har fått over 70 millioner fra Enova for å bidra til oppstart av et landsdekkende infrastruktur av hydrogenfyllestasjoner. Planen var 20 hydrogenstasjoner innen 2020, derav to i Bergen. Den i Åsane har vært i drift mens den på Søreide er ferdig utbygd. Svakheten som utløste eksplosjonen i Sandvika er rettet opp og stasjonene er nå trygge, ifølge DPS. UNO-X viser lite interesse for å åpne stasjonene.
Hva vil statsråden gjøre for at de statlige subsidierte stasjonene blir åpnet igjen?

Begrunnelse

På grunn av eksplosjonen i Sandvika fikk UNO-X forbud mot bruk av fylleanleggene for hydrogen som omfattet blant annet fyllestasjonene i Åsane og Søreide. Fyllestasjonen i Åsane hadde da vært i drift i halvannet år.
UNO-X har ikke søkt DPS om å få opphevet stengevedtaket til tross for at DSB har uttalt at teknologien er trygg så lenge regelverket blir fulgt.
UNO-X uttaler til BT at de ikke vil satse videre på hydrogen fyllesstasjoner. Asko i Trondheim har åpnet fyllestasjoner og benytter samme teknologiske løsninger.
UNO-X har ifølge artikkelen fått bevilge over Enova 19 824 000 til de to stasjonene i Bergen. Enova vil ikke si hvor mye de har fått utbetalt og viser til forretningshemmeligheter. Dette er ikke et innovasjonsprosjekt men utbygging av en ønsket infrastruktur med kjent teknologi. Transparens bør også gjelde for Enova som ellers i offentlig forvaltning.
Det er ikke akseptabelt at det brukes så mye skattepenger uten at det stilles krav til at det tas i bruk eventuelt at det overføres til andre som vil sørge for drift.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Enova har gitt UNO-X Hydrogen AS tilsegn om stønad på til saman 70 millionar kroner til ni hydrogenfyllestasjonar mellom 2015 og 2018. Målet har vore å medverke til utvikling av ein marknad for hydrogen til bruk i transport. Av dei ni prosjekta har Enova betalt ut heile stønadsbeløpet til stasjonen i Sandvika utanfor Oslo. Enova har betalt deler av stønadsbeløpet til tre andre hydrogenfyllestasjonar. For dei resterande fem stasjonane, med samla tilsegn på i overkant av 34 millionar kroner, har Enova ikkje betalt ut noko stønad.
UNO-X Hydrogen AS var tidlegare eigd av selskapa UNO-X Norge AS (41%), Nel Fuel AS (39 %) og Nippon Gases (20 %). Selskapet har no bytta namn til H2 Fuel Norway AS, og er no som det går fram av kvartalsrapporten til Nel ASA frå 2. kvartal 2020 heileigd av Nel. Kva som no skjer vidare med stasjonane som er bygd og eventuelle planar om å etablere fleire hydrogenstasjonar må vere opp til eigarane å bestemme. Som det vart varsla i stortingsmeldinga om karbonfangst og -lagring (Langskip) vil regjeringar følgje opp hydrogenstrategien og Langskip med eit eige vegkart for hydrogen.
Departementet styrer Enova på eit overordna nivå, hovudsakeleg gjennom fireårige avtalar. Innanfor rammene av avtalen er det opp til Enova å prioritere mellom område, utvikle program og tildele stønad til enkeltprosjekt slik at måla kan bli nådd mest mogleg effektivt. Hydrogen og etablering av ei hydrogenmarknad er noko Enova har støtta og fortsett å støtte. Til dømes gav Enova i sommar eit tilsegn på 77 millionar kroner til CCB AS til etablering av eit pilotanlegg for utsleppsfri hydrogenproduksjon.
Enova skal medverke til teknologiutvikling og innovasjon. Slik aktivitet inneber risiko. Det må dermed forventast at nokre prosjekt ikkje blir realisert eller ikkje oppnår dei ønskte resultata. Prosjektet i Bergen, som inkludera to hydrogenstasjonar og ein elektrolysør til produksjon, fekk stønad gjennom programmet ny- energi- og klimateknologi i transport i 2016.
Sidan 2017 har Enova hatt eit eige hydrogeninfrastrukturprogram der dei har gitt investeringsstønad til etablering av offentleg tilgjengelege fyllestasjonar. For prosjekter som har motteken stønad under infrastrukturprogrammet har det vore eit krav om 3 års drift. I utlysinga i 2019 fekk Enova få søknader frå ein avgrensa mengde søkarar, kor enkelte søknadar ikkje var kvalifisert i samsvar med krava. Andre valde å trekkje sine søknadar. Resultatet var at det ikkje blei innvilga stønad i fjor. Enova opplyser at programmet er under vurdering.