Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:46 (2020-2021)
Innlevert: 05.10.2020
Sendt: 06.10.2020
Besvart: 14.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Hva er bakgrunnen for at statsråden takket ja til å delta på et møte med en utbygger og grunneier på Kjeller vedrørende planer for videre utvikling av området og gjennom det fravek departementets tidligere avvisning av møter med aktører med interesser i saken, grunngitt i at man er ankeinstans for eventuelle klagesaker i forbindelse med fredningssaken som Riksantikvaren har anlagt, og ser statsråden at han gjennom sitt engasjement i saken kan ha bidratt til å gjøre seg selv inhabil i forhold til å behandle en eventuell klage?

Begrunnelse

Romerikes Blad omtaler 4. oktober et møte avholdt 10. august i år i Lillestrøm mellom Aspelin Ramm, som eier ca. 90 dekar og 26.000 kvm bygningsmasse på Kjeller, samt Forsvarsbygg som eier 90 prosent av det 1100 dekar store arealet på Kjeller, og statsråd Rotevatn, politisk rådgiver i Klima- og miljødepartementet, Even Aronsen, sammen med lokale Venstre-politikere, deriblant kommunestyrerepresentant Boye Bjerkholt. Venstre var det eneste partiet som i kommunestyrets behandling stemte mot å ivareta det flyhistoriske miljøet på Kjeller gjennom fortsatt flygende veteranfly i framtida.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Den 10. august i år var eg invitert av lokallaget til Venstre i Lillestrøm og deltok på det programmet som dei hadde lagt opp til. Det var mellom anna eit møte med grunneigar og utbyggjar på Kjeller flyplass. Det er ikkje uvanleg å møte ulike interessentar i ei sak som har lokal merksemd, eller å sjå på område eller objekt der ny bruk vurderast. I slike saker er det viktig å møte ulike partar, dersom ein møter nokon. Eg er derfor òg open for å møte andre aktørar med interesser i saka.
I 2018 varsla Riksantikvaren oppstart av freding av delar av Kjeller flyplass. Parallelt med fredingssaka arbeider Lillestrøm kommune med ein kommunedelplan for omforming av Kjeller flyplass til ein ny bydel i Lillestrøm. Som i alle slike saker er det fleire interesser som ønskjer å bli høyrt.
Det er rett at Klima- og miljødepartementet er klageinstans viss eit fredingsvedtak fatta av Riksantikvaren blir påklaga. Førespurnadar frå ein interessent i saka om å møte tidlegare Klima- og miljøminister Ola Elvestuen blei avslått grunna den pågåande fredingsprosessen.
Eg har ikkje engasjert meg i saka utover å ha blitt informert. Så lenge eg er open for å møte fleire aktørar med ulike interesser, meiner eg derfor at eg ikkje har gjort meg inhabil med tanke på ei eventuell klagesakshandsaming.