Skriftlig spørsmål fra Åsmund Aukrust (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:52 (2020-2021)
Innlevert: 06.10.2020
Sendt: 06.10.2020
Besvart: 14.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Åsmund Aukrust (A)

Spørsmål

Åsmund Aukrust (A): Hvordan ligger Norge an til å nå naturmålene for 2010-2020 (Aichi-målene) som går ut i år?

Begrunnelse

Verden står i dag overfor en natur- og klimakrise, noe også statsminister Erna Solberg erklærte under FNs miljøforsamling 27. september i år.
På tross av krisen og av stadig flere dystre rapporter om naturens tilstand de siste årene, sist illustrert i FNs Global Biodiversity Outlook 5, har verden ikke klart å nå naturmålene for 2010-2020 (Aichi-målene), som skulle få naturen på rett kjøl.
En ny rapport utarbeidet av Forum for Utvikling og Miljø, WWF, Naturvernforbundet og Sabima, kalt Naturens Tilstand, avdekker også nå at Norge har sviktet med å nå nesten samtlige av disse Aichi-målene som vi forpliktet oss til i 2010: Norge har kun klart å nå 4 av 43 delmål. Dersom dette stemmer vil en manglende oppnåelse skje på tross av stortingsmeldinga Natur for livet — Norsk handlingsplan for naturmangfold, som ble behandlet av Stortinget i 2016, og som er en plan for hvordan regjeringens politikk skal bidra til å ta vare på naturmangfoldet i lys av Aichi-målene. I den grad vi nå kan konstatere manglende oppnåelse av naturmålene, må dette bety at verken våre internasjonale forpliktelser eller Stortingsmeldingen har blitt fulgt opp i tilstrekkelig grad, eller at stortingsmeldingen Natur for livet ikke inneholdt gode nok tiltak til at målene kunne nås.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Noreg har oppfylt det globale målet for prosentvis vern av landarealet (17 prosent), men ikkje alle typar natur er godt nok representert. Derfor legg regjeringa stor vekt på skogvern og marint vern. Satsinga på skogvern er meir enn dobla frå førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det på 7 år i alt løyvd om lag 2,85 milliardar kroner til skogvern. Det er no verna om lag 5 prosent av all skog og 3,8 prosent av den produktive skogen i Noreg. Anna vern er vi òg i gong med. Vi har 15 marine verneområde, og i tillegg marint areal i mellom anna nasjonalparkar og naturreservat. Slike verkemiddel er brukt i 3,6 prosent av territorialfarvatnet. I tillegg brukar vi arealbaserte verkemiddel etter sektorlovgjevinga, slik som å beskytte område med korallrev.
Vern hjelper òg til å oppfylle fleire andre av Aichi-måla, særleg om å ta vare på truga natur.

God tilstand i økosystema

Også norsk natur blir påverka negativt. Utfordringar er særleg knytt til arealinngrep og arealbruksendringar. Arealbruksendringar er òg det største trugsmålet globalt. Ei god handtering av desse utfordringane vil hjelpe til å oppfylle fleire av Aichi-måla. Nokre av dei sentrale tiltaka her er rettleiing av kommunar i arealplanlegginga, kommunedelplanar for naturmangfald, vekt på miljøomsyn i jord- og skogbruk og i andre sektorar, restaurering av våtmark, og ikkje minst arbeidet med havforvaltningsplanane og vassforvaltningsplanane.
I forvaltningsplanane for havområda tek vi vare på miljøet samstundes som vi legg til rette for viktige næringar. Forvaltningsplanane skal sikre at vi tek godt vare på økosystema som er grunnlaget for biologisk produksjon og naturmangfald, og for ein berekraftig havøkonomi.
Når det gjeld vatn og myr er restaureringsarbeid i gong. Etter forslag frå regjeringa blei budsjettet for restaureringstiltak i vatn styrkt med 19 millionar kroner i budsjettet for 2020. Midlane går mellom anna til opning av bekkelukkingar og fjerning av vandringshinder og betring av gyte- og oppveksttilhøve for fisk.
Klima- og miljødepartementet har i april i år gitt Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til strategisk plan for restaurering av vassdrag for perioden 2021-2030, med levering no i haust. Planen skal ta sikte på å oppnå internasjonale og nasjonale miljømål for restaurering av vassdrag, bidra til at vi gjennomfører vassdirektivet og vere ei oppfølging av FN sitt restaureringstiår. Planen skal utarbeidast i samråd med NVE og andre direktorat i direktoratsgruppa for vassforskrifta, der den einskilde sektorstyresmakta har ansvar for å kartleggje og restaurere fysiske påverknader innanfor sitt ansvarsområde.
Restaurering av myr og anna våtmark held fram i 2020, og i år bruker regjeringa omtrent 21 mill. kroner på dette. Til saman har over 60 myrar blitt restaurert og 132 km grøfter lukka sidan 2015. Miljødirektoratet har i 2020 i oppdrag å oppdatere planen for restaurering av myr og anna våtmark slik at den kan gjelde i perioden 2021-2025.
Regjeringa har vedteke ei kvalitetsnorm for villrein. Villreinen møter mange utfordringar som på sikt kan truge arten si overleving. Dette gjeld særleg menneskeleg aktivitet i villreinfjella. Ei kvalitetsnorm for villrein vil gi oss betre kontroll med dei ulike faktorane som påverkar villreinen og vil hjelpe til å sikre at vi framleis har livskraftige bestandar med villrein i Noreg.
Eit stort og viktig arbeid er òg arbeidet med å innrette den samla forvaltninga av naturen på land mot konkrete, tverrsektorielle mål, med utgangspunkt i tilstanden i naturen. Arbeidet er eit krevjande nybrottsarbeid, og det har vist seg vanskeleg å få til slik framdrift som blei varsla i naturmangfaldmeldinga. Ekspertar utarbeidde i 2017 eit sett med faglege kriterium for kva som utgjer god tilstand i økosystema. Deretter har Miljødirektoratet leia eit utviklingsarbeid med mål å ha eit operativt fagsystem for å klassifisere tilstand i økosystem. Dei fyrste vurderingane av tilstand i økosystema blir utført i perioden 2020 - 2021. Parallelt vil regjeringa utvikle konsept for heilskaplege forvaltningsplanar, slik det blei varsla i Granavoldenplattforma. Målet er å få til ei betre, meir heilskapleg forvaltning av all norsk natur, der vi ser alle typar påverknad og mogelege verkemiddel i samanheng.
Pollinatorar er ein vesentleg del av økosystema, med ein livsviktig funksjon for oss menneske. Regjeringa la fram sin nasjonale pollinatorstrategi i juni 2018. Vi tek sikte på at ein tiltaksplan for betre ivaretaking av pollinatorar blir vedteken i 2021.
Nedkjemping av framande artar er òg eit viktig bidrag til god tilstand i økosystema. Regjeringa vedtok i august i år ein tiltaksplan for nedkjemping av framande skadelege organismar. Regelverk for å kontrollere import og utsetjing er allereie på plass. Eg meiner derfor at Noreg langt på veg oppfyller Aichi-mål om dette. Det betyr ikkje at alle framande skadelege arter er utrydda frå norsk natur. Det krev heller ikkje målet. Men tiltak for å hindre og førebyggje spreiing og ein plan for nedkjemping av særskilde artar er på plass.
Noreg gjer òg ein innsats for å ta vare på genetisk mangfald, til dømes ved å opprette ein genbank for å ta vare på truga bestandar av villaks og sjøaure frå Hardanger.
Endringar i bruk av areal er den viktigaste årsaka til tap av natur i Noreg. Kommunane er den sentrale styresmakta for arealforvaltninga, og dei har stor grad av sjølvstyre. Det er viktig at dei i si planlegging tek ansvar for å ta vare på naturmangfaldet. Regjeringa føreslår at det i 2021 blir etablert ei ordning kor kommunar får tilskot for å lage kommunedelplan for natur. Føreslått løyving er på 1 mill. kroner for 2021. Ordninga blir utforma med utgangspunkt i eit pilotprosjekt som Miljødirektoratet har gjennomført. Tiltaket vil gi kommunane som deltek betre kunnskap om naturen sin og om korleis dei kan forvalte og ta vare på naturmangfald i kommuneplanlegginga.
Noreg har eit godt lovverk for å integrere omsynet til naturmangfaldet i avgjerdsprosessar, og deltek i internasjonalt utviklingsarbeid om å inkludere naturmangfald i nasjonalrekneskap.
Regjeringa har òg sett i gong eit arbeid med å kartleggje og vurdere subsidiar og støtteordningar som kan vere negative for naturmangfaldet.
Fleire av Aichi-måla inneber at vi må få på plass meir berekraftige og sirkulære produksjons- og forbruksmønster. Regjeringa skal leggje fram ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi.

Truga natur

Aichi-måla handlar òg om truga natur. Som eit fyrste steg for å ta vare på truga natur, har regjeringa sett i gong arbeid med tiltak for dei sterkast truga artane som òg er ansvarsartar, og for truga naturtypar. I mange tilfelle vil det vere fornuftig å bruke verkemiddel som tek vare på mange artar samtidig, som for eksempel skogvern eller utvald naturtype. Fordi truslane mot truga natur er mange og ulike, arbeider vi breitt og med mange verkemiddel. Dette omfattar verkemiddel som vernar natur, slik som områdevern og prioritert art, og aktive tiltak i felt, til dømes å skjøtte leveområde, restaurere øydelagd natur og fjerne framande artar. Derfor er blant anna budsjetta til truga natur auka dei siste åra.
Mange truga artar lever i kulturlandskapet. Denne regjeringa har auka talet på Utvalde kulturlandskap frå 22 område i 2016 til 46 i 2020. Det er og fleire utvalde naturtypar i kulturlandskap som er avhengig av skjøtsel gjennom beite, rydding og slått. Kystlynghei og slåttemark er slike naturtypar som vi tek vare på både gjennom skjøtselsplanar og tilskot frå miljøforvaltninga og landbruksforvaltninga.

Global innsats

Aichi-måla er som nemnt globale mål. Noreg arbeider ikkje berre gjennom tiltak innanfor eige land. Når det gjeld finansiering av tiltak globalt for naturmangfald, har regjeringa gjort ein svært god innsats. Finansieringa blei fordobla frå 2012 og 2015, og deretter blei nivået oppretthalde fram til 2020.
Klima- og skoginitiativet er den største norske satsinga globalt. I tillegg til å vere eit klimatiltak, motverkar satsinga òg avskoginga av dei artsrike regnskogane. Verda vil ikkje nå måla i Parisavtala, Achi-måla eller berekraftsmåla utan at vi stansar tap av tropisk skog. Klima- og skoginitiativet skal derfor vidareutviklast og styrkast, og vi skal halde fram innsatsen til 2030.

Oppsummert

Oppsummert er det slik at Noreg gjer mykje for å oppfylle Aichi-måla og få betre og meir natur. Vi er likevel ikkje i mål. Det er derfor regjeringa sin politikk å vidareføre og forsterke innsatsen både nasjonalt og globalt.