Skriftlig spørsmål fra Elise Waagen (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:69 (2020-2021)
Innlevert: 07.10.2020
Sendt: 08.10.2020
Besvart: 14.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Elise Waagen (A)

Spørsmål

Elise Waagen (A): Vil regjeringen videreføre ordningen med CO2-kompensasjon, og hva gjør regjeringen for å ivareta norske industriarbeidsplasser opp mot EUs arbeid med nye retningslinjer for CO2-kompensasjon?

Begrunnelse

I statsbudsjettet skriver regjeringen følgende om CO2-kompensensasjonsordning for industrien:

«Posten er knytt til resultatområdet Klima. Det årlege støttebeløpet avheng mellom anna av utviklinga i kvoteprisen og blir utbetalt etterskotsvis året etter støtteåret. Dette inneber at det for støtteåret 2020 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2021. Basert på gjeldande overslag er posten auka med om lag 1,1 mrd. kroner frå saldert budsjett 2020. Foreslått løyving er 2,567 mrd. kroner på posten for 2021. Auken skuldes i hovudsak auka i kvotepris. Noverande CO2-kompensasjonsordning gjeld fram til 31. desember 2020. EU arbeider med å fastsetje nye retningslinjer for CO2-kompensasjon for neste periode (2021–2030). Det er venta at desse blir vedtekne i løpet av 2020. Etter det vil regjeringa ta stilling til om ordninga skal førast vidare i Noreg etter 2020. Eventuell støtte for produksjonsåret 2021 vil bli utbetalt i 2022. Føreslått løyving er på 2 567 mill. kroner på posten for 2021.»

EUs klimakvotesystem har ført til økte strømpriser i Europa, inkludert Norge. CO2-kompensasjon skal motvirke såkalt karbonlekkasje. CO2-kompensensasjonsordningen eksisterer for å hindre at industri flytter ut av Europa til land som har billigere strøm fordi de har en mindre ambisiøs klimapolitikk.
Ordningen er viktig for mange industriarbeidsplasser, inkludert Norske Skog Saugbrugs i Halden.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg viser til skriftleg spørsmål nr. 69 frå representanten Bjørnebekk-Waagen.
CO2-kompensasjonsordninga er og har vore ein prioritert sak for regjeringa. Vi meiner det er viktig å unngå at miljøvennlege norske verksemder flytter ut av Europa på grunn av høge straumkostnadar som skuldast EUs kvotesystem. Industrien har ei viktig rolle i utviklinga av berekraftige produkt og løysingar som er naudsynte for det grøne skiftet både i Noreg og internasjonalt. Vi har difor arbeida aktivt opp mot Europakommisjonen for å ivareta norske interesser. I samtalene med EU har det spesielt vore viktig for Noreg at CO2-innslaget i norsk kraftpris må bli fastsett korrekt og at retningslinjene behandlar verksemder med lik risiko for karbonlekkasje likt.
Regjeringa varsla allereie i industrimeldinga i 2017 at vi ynskjer å fortsette med CO2-kompensasjon for industrien også etter 2020, og med desse avklaringane ligg det til rette for det. EUs retningslinjer for perioden 2021-2030 blei offentleggjort 21. september. Vi arbeider no med å setje oss grundig inn i desse og vurderer korleis ein norsk ordning for 2021-2030 kan sjå ut.