Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:72 (2020-2021)
Innlevert: 08.10.2020
Sendt: 08.10.2020
Besvart: 20.10.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden rydde opp slik at bompengeinnkrevingen blir stoppa i samsvar med stortinget sitt vedtak om nivå på bompengeandel i prosjektet?

Begrunnelse

Austevollsbrua er delvis bompengefinansiert og gjelda til bompengeselskapet er no i disse dager nedbetalt når ein tek høgde for dei siste utbetalingane av innspara ferjetilskott som også inngår i finansieringa. Fylkeskommunen overtok ansvaret for å betale ut desse tilskotta i samband med forvaltningsreformen. I lokalavisa Marsteinen 8. oktober kjem det fram at bompengeselskapet Ferde ikkje ser på disse midlane som sikre sjølv om dette er ein forpliktelse fylkeskommunen har fått frå staten og som er sikre / bundne midler. Slik Ferde no opptrer kan ein fort hamne i den situasjonen at det vert tatt inn meir bompengar enn det stortinget har slutta seg til i 2004.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg viser til finansieringsopplegget for fv. 546 Austevollsbrua omtalt i St.prp. nr. 30 (2004-2005). I tråd med dette opplegget vert bompengelånet nedbetalt av bompengar og innsparte ferjetilskot.
I St.prp. nr. 30 (2004-2005) er det lagt til grunn 16 års bompengeinnkrevjing og utbetaling av ferjetilskot i 15 år til og med 2022. Med oppstart i 2005 vert det innkrevjing fram til juli 2021. På dette grunnlag er det inngått prosjektavtale med Ferde AS med innkrevjingsrett fram til juli 2021.
Det er Vestland fylkeskommune sitt ansvar å utbetale ferjetilskot til Ferde AS til og med 2022. Vestland fylkeskommune er også garantist for lånet.
Fram til Austevollsbrua er nedbetalt, vil eg legge til grunn at det fastlagte finansierings-opplegget vert følgt. Det inneber innkrevjing av bompengar fram til bompengebidraget i finansieringsplanen er oppnådd, samt årleg utbetaling av innsparte ferjetilskot til bompengelånet er nedbetalt.