Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:76 (2020-2021)
Innlevert: 08.10.2020
Sendt: 08.10.2020
Besvart: 15.10.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva haldning har regjeringa til EU-kommisjonens gjennomgang av Solvens II-regelverket, og meiner statsråden at direktivet slik det er gjennomført i norsk rett sikrar tilstrekkeleg konkurranse og reell marknadstilgang for mindre aktørar?

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Det såkalla Solvens II-direktivet (direktiv 2009/138/EF) vart gjennomført i norsk rett då den nye finansføretakslova tok til å gjelde 1. januar 2016. Som Finansdepartementet greia ut om i Prop. 125 L (2013-2014), gjelder direktivet livsforsikringsføretak og skadeforsikringsføretak, og det er organisert i tre pilarar. Pilar I inneheld kvantitative føresegner for utrekning av kapitalkrav, inkludert føresegner om verdivurdering av eigedelar og forsikringstekniske avsetningar. Pilar II inneheld kvalitative føresegner for risikostyring og internkontroll, tilsynsmessig overvaking og kontroll, samt heimlar for tilsynsstyresmaktene for å fastsetje høgare kapitalkrav for enkeltføretak. Pilar III består mellom anna av reglar om opplysningsplikt overfor allmenta og rapporteringsplikt til tilsynsstyresmaktene. Målet med direktivet er å betre vernet av forsikringstakarane sine interesser og auke konkurransen på tvers av landegrensene gjennom felles krav til forsikringsføretaka.
Til skilnad frå tidlegare forsikringsdirektiv er Solvens II-direktivet i hovudsak eit fullharmonisert regelverk, slik at det i utgangspunktet ikkje er rom for å innføre strengare eller lempelegare krav enn det som følgjer av direktivet. Direktivet er i tillegg utfylt av ei lang rekkje forordningar, der det ikkje finst noko rom for nasjonale reglar. Den viktigaste av dei er kommisjonsforordning (EU) 2015/35, som i Noreg gjelder likeins med norske forskriftsreglar, sjå Solvens II-forskrifta § 53. Då forordninga vart teken inn i EØS-avtala, fekk EØS/EFTA-landa gjennomslag for tilpassingar som gjorde det mogeleg å fastsetje nasjonale kapitalkrav for forsikringsføretak som eig kommunelån o.a. og pantelån. Finansdepartementet fastsette slike krav i Solvens II-forskrifta, slik at krava for å eige denne typen lån skulle vere om lag dei same for forsikringsføretak som for bankar. Det medverkar til likare konkurransevilkår i den norske marknaden. I ein seinare revisjon av forordning (EU) 2015/35 har EU-kommisjonen sjølv fastsett slike krav for kommunelån o.a., og det norske kravet om dette er difor oppheva.
Solvens II-regelverket innebar på dei fleste felt vesentlege forbetringar samanlikna med dei tidlegare forsikringsdirektiva, mellom anna ved at kapitalkrava betre reflekterer den faktiske risikoen i føretaka. Medan regelverket i utgangspunktet kan vere komplekst og til dels krevjande for føretaka å innrette seg etter, er proporsjonalitet nemnt i direktivet som eit viktig prinsipp for styresmaktene si gjennomføring og oppfølging av reglane. Til dømes gir nokre av føresegna rom for lempelegare krav for mindre føretak, og forventningane til styring og kontroll er tilpassa føretaka si verksemd og storleik. Då Finansdepartementet i 2018 fastsette nye soliditetskrav for pensjonskasser, skjedde det dessutan i form av ein forenkla versjon av Solvens II-krava, som er tilpassa den enklare verksemda i kassene. Dette inneber at livsforsikringsføretaka og pensjonskassene møtast i marknaden med om lag like strenge soliditetskrav, noko som fremjar konkurransen mellom dei og trygger kundane.
Solvens II-direktivet har krav om at EU-kommisjonen må gjennomgå visse delar av regelverket innan 1. januar 2021. Gjennomgangen skal mellom anna omfatte langsiktige garantiar, metodar for å rekne ut kapitalkrav og tilsyn med forsikringsgrupper. Det meste av arbeidet er teknisk, og er for det meste satt ut til den europeiske forsikringsstyresmakta Eiopa. EU-kommisjonen sjølv arbeider i tillegg med visse meir overordna spørsmål. Finansdepartementet har oppmoda norske interessentar til å svare på ei høyring frå Kommisjonen, som har frist 21. oktober. Høyringa omfattar mellom anna forsikringsføretaka si rolle som kjelde til langsiktig finansiering i økonomien, tilbodet av garanterte pensjonsprodukt, forbrukarvern, nye sårbarheiter og moglegheiter knytt til klimarisiko, digitalisering og cyberrisiko.
Eg har merka meg at den norske forsikringsnæringa, til liks med næringane elles i Europa, er kritisk til nokre av forslaga som har vore på høyring frå Eiopa, mellom anna om kapitalkrav for renterisiko. Forslaga frå Eiopa er til handsaming i Kommisjonen. Eg har òg merka meg at Kommisjonen sjølv er oppteken av spørsmål som kan få stor innverknad på finansmarknaden og forsikringsføretaka i åra som kjem, og som det er bra at dei inkluderer i gjennomgangen.