Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:80 (2020-2021)
Innlevert: 09.10.2020
Sendt: 09.10.2020
Besvart: 15.10.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor attraktiv er no den norske luftfartsmarknaden i ein europeisk samanheng og kva er statsråden sitt syn på det som no skjer i norsk luftfart?

Begrunnelse

Korona har råka luftfarten hardt og selskapa, SAS, Norwegian og Widerøe, som saman har levert eit godt flytilbod i Noreg, er hardt råka. Luftfarten er viktig for all aktivitet i Noreg, men det er også ei sjølvstendig næring med tusenvis av tilsette både i lufta og på bakken.
I den krisa som no er ser me at einskilde aktørar ser ein moglegheit til å koma seg inn på marknaden. Ein ny aktør som ser føre seg tung statleg finansiering og eit internasjonalt flyselskap som vil inn i det norske innenriksmarkedet utan norske tilsette og med ei aktiv haldning mot fagforeninger. WizzAir sin modell er den motsette av Senterpartiet sin modell for eit velfungerande arbeidsliv og norsk næringsliv.
Statsministeren har så vidt det er registrert fyrst og fremst vore oppteken av og uttrykt seg positiv til den auka konkurransen.
Det er ynskjeleg at statsråden både gir ei vurdering av rettsreglar, rammevilkår og regjeringa sine mål for luftfarten sett i lys av desse to konkrete sakene. Det er og ynskjeleg å få vite kva vilkår som gjeld mellom anna til løn og arbeidsvilkår for å drive innenriks flyrute i Norge. Det er og ynskjeleg å få vite kor attraktivt det norske markedet no er i ein europeisk samanheng.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg legg til grunn at det er brei semje om at norsk luftfart er råka hardt av pandemien og at det for tida er svært stor uvisse om korleis bransjen vil utvikle seg i månadene og åra som kjem. Eg trur òg at det i hovudsak er semje om kva for transporttilbod det norske samfunnet treng. Utfordringa no er å ta stilling til kva som er rette tiltak og verkemiddel for å sikre dette tilbodet.
Eg er enig med representanten i at holdningane som kjem fram hos leiinga i Wizzair knytt til organisering i arbeidslivet er uheldig, og ikkje i tråd med slik vi har det og ynskjer å ha det i Noreg. I Noreg har vi organisasjonsfridom og alle som driv verksemd i Noreg skal respektere norske spelereglar. Eg viser vidare til statsministerens klare tale om hennar eiga og regjeringas holdning til desse spørsmåla frå Stortingets talerstol i spontantspørjetimen 14. oktober 2020.
Lufttransport har vore fullt liberalisert i den indre marknaden sidan 1997. Mellom anna har flyselskap frå andre land i EØS lov til å fly innlands ruter i Noreg (kabotasje). Til no har dette skjedd i lite omfang. Pandemien kan endre dette.
Norsk lov regulerer som klar hovudregel ikkje løna direkte. Slik er det òg i luftfarten. Løna blir i staden regulert i tariffavtaler og individuelle avtaler. Organisasjonsgraden er framleis høg i norsk luftfart, men avtalestrukturen er fragmentert. For flygande personell er difor ingen avtaler allmenngjorde.
I kva omfang arbeidstilhøva følgjer norsk rett, kjem an på lovvalsreglane om mellom anna tryggleik, trygd, skatt og stillingsvern. Hovudregelen er at norske reglar gjeld når arbeidstilhøvet er nærast knytt til Noreg. Om det er det, avgjerast konkret for kvart selskap og kvar person. I praksis vil det avgjerande vere om det er praktisk mogleg å fly rutene i Noreg ved hjelp av personell som ikkje har hovudtilknyting til Noreg.
Flyselskap som ikkje respekterer dei spelereglane som gjeld, må møtast med sanksjonar – av omsyn til dei tilsette, og for å sikre rettferdig konkurranse mellom flyselskapa. Mitt departement samarbeider tett med Europakommisjonen og eit nettverk av medlemsstatar i EU for å gjere dette mogleg.
Det er grunn til å tru at ruter på den norske innlandsmarknaden er attraktive for utanlandske flyselskap, og at dette vil gje konkurranse. Politisk er det viktig å sørgje for at samfunnet blir tilbydd dei tenestene det treng på dei mindre lønsame ikkje-subsidierte flyrutene.