Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:82 (2020-2021)
Innlevert: 09.10.2020
Sendt: 09.10.2020
Besvart: 14.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Sauebøndene i Surnadal på Nordmøre er til liks med mange andre sauebønder andre stader i landet frustrerte over store tap av sau til jerven.
Meiner statsråden at svaret frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal om skadefellingsløyve tyder på ein god og langsiktig politikk for å ta ut tilstrekkeleg mange jerv, og er det rimeleg å forvente at sauebønder skal sanke sau med gevær på slep?

Begrunnelse

Tore Gjul, skogbrukssjef i Surnadal kommune, henvendte seg 14/9 seg til Fylkesmannen i Møre og Romsdal på vegne av sauebønder om høvet til å få skadefellingsløyve på jerv etter at lisensjakta er i gang. Bakgrunnen er at desse ønskjer målretta og effektiv jakt på jerv for å hindre at dei store tapa av sau held fram.
Svaret frå Fylkesmannen same dag var slik:

«No når lisensjakta starta og sankinga er godt i gang, vil skadefellingsløyve ikkje vare aktuelt i anna enn heilt spesielle tilfelle. Rovviltforskrifta legg vekt på at moglegheita for å ta i bruk førebyggande tiltak skal vurderast, samt potensialet for framtidige skader, jamfør § 9 andre ledd bokstav c) og d). No når vekstsesongen nærmar seg slutten og sankinga er i gang vert potensialet for framtidige skader redusert og sankinga i seg sjølv er eit førebyggande tiltak. Vi vil heller tilrå at sankepersonell/tilsyn som kan registrere seg som lisensjegerar gjer det. Da kan dei eventuelt kombinere jakt og sanking.»

Eg meiner det sjølvsagt er greitt om sauebønder sjølve ønskjer å registrere seg som lisensjegerar og ha med våpen på sauesanking òg, men det framstår som urimeleg at myndigheitene tilrår dette, slik svaret frå Fylkesmannen inneber. Dessutan må skadefellingsløyve kunne givast sjølv om vinteren nærmar seg. At sesongen er på hell bidreg ikkje til at problemet blir mindre neste år. Problemet no er at jerven truleg er langt fleire i antal enn registreringane tyder på, at løyvene for uttak ikkje er tilstrekkelege, samt at jakta er ineffektiv. Då må staten gå inn for eit høgare uttak av jerv for ein betre balanse mellom rovdyrstammen og beitenæringa.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg oppfattar at det er brei einigheit i Stortinget om at lisensfelling skal vere hovudverkemiddelet i bestandsreguleringa av jerv. Skadefelling er eit verkemiddel for å gjere uttak av skadegjerande individ for å avverje akutte skadesituasjonar. Beitesesongen for sau er over for i år, og med unntak av akutte skadesituasjonar i område med tamrein, er skadefelling på denne tida av året eit mindre aktuelt verkemiddel for uttak av jerv. Samtidig vil eg understreke at det er vedteke betydelege kvoter for lisensfelling av jerv gjennom hausten og vinteren, og målsettinga er at ein gjennom lisensfellinga forvaltar bestanden så nær bestandsmålet som mogleg.
Lisensfelling har ikkje fungert tilfredsstillande i bestandsreguleringa av jerv i alle område. Av den grunn har eg frå og med inneverande lisensfellingsperiode opna for bruk av nye verkemiddel i lisensfellinga. Det gjeld bruk av kunstig lys ved åte og elektronisk overvaking av fangstbås, og målsettinga er at dette over tid vil gjere lisensfellinga av jerv meir effektiv. I tillegg er det slik at Miljødirektoratet, som etter rovviltforliket har myndigheit til å vurdere ekstraordinære uttak av jerv, kvart år gjer ei vurdering av behovet for slike uttak i ulike delar av landet. I vurderingane legg direktoratet mellom anna vekt på skadehistorikk og skadepotensial, om dei aktuelle områda er prioritert for jerv eller beitedyr, bestandssituasjonen for jerv og kva for uttak det har vore av jerv i ulike område. Resultatet av vurderingane førre vinter var mellom anna at det vart gjennomført tre hiuttak i Surnadal i Møre og Romsdal der mordyr og/eller kvalpane vart avliva.