Svar
Sveinung Rotevatn: Regjeringa førar ein klimapolitikk som fungerer. Det ser vi på rekneskapen: Utsleppa har gått ned fire år på rad.
Eg skulle gjerne, som representanten, kunne rekne om eit statsbudsjett på ca. 1700 ulike budsjettpostar og nærare 1 500 milliardar kroner til kor mange CO2-ekvivalentar med utslepp som blir kutta per krone. Dette er diverre vanskeleg å fastslå presist, og difor jobbar vi med å forbetre analysane.
Samstundes er det viktig å understreke at vi veit i stort kva som kuttar utslepp. Auka pris på forureining gjer det lønsamt for folk å velje klimavenleg; difor aukar vi CO2-avgifta kvart år. Insentiv til å kjøpe elbilar gjer at folk vel grønt, og det får ned utsleppa i transportsektoren; difor opprettheld vi kjøpsfordelane og aukar CO2-komponenten i eingangsavgifta for fossilbilar. Tilgang på kapital er naudsynt for at verksemder skal investere i ny grøn teknologi; difor foreslår vi å løyve 3,3 milliardar til Enova i dette budsjettet.
Dette er klimapolitikk som fungerer.
Jernbane- og kollektivsatsinga til regjeringa er eit anna godt døme. Raskare tog, fleire bussar og nye bybanestrekninger vil auke insentiva for at folk skal velje klimavenleg transport og la bilen stå. Over tid kan satsinga føre til at folk veljar å busette seg nær kollektivhaldeplassar og at verksemder legg kontora sine ved jernbanen.
Nøyaktig kor stor effekten av desse satsingane vil vere på klimagassutsleppa kjem an på kor mange færre kilometer med fossilbil som vil bli køyrt som ein direkte konsekvens av satsinga.
Det er svært vanskeleg å anslå og tidfeste effekten nøyaktig. Men vi veit at det fungerer, og det er difor vi satsar på det.
Likevel, viss CO2-kutt per krone skulle vere den einaste målestokken, ville nok jernbane blitt eit relativt dyrt klimatiltak. Verdien ligg i heilskapen og kva det betyr for den reisande, for næringslivet, for samfunnet og for klimaet. Pengane kuttar utslepp og skapar eit betre samfunn.
Regjeringa satsar særleg på tiltak som skal bidra til utvikling, omstilling og bruk av klimateknologi. Skal vi nå klimamåla, treng vi innovasjon. Det kuttar utslepp, og kan samstundes skape arbeidsplassar og aktivitet i hele landet. Eit anna døme er pengar til Klimasats, ei støtteordning til kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Kommunane vil kunne søke om støtte til mellom anna kunnskapsheving og til å byggje opp auka kompetanse og kapasitet for klimavenlege offentlege innkjøp i kommunane. Effekten av dette og liknande tiltak vil ikkje kunne målast i CO2-ekvivalenter med ein gong. Menon Economics si evaluering av ordninga frå 2019 viser at dei fleste Klimasats-tiltaka vil ha langsiktige verknadar, og at dette gjer det vanskeleg å kvantifisere omfanget av utsleppsreduksjonar i prosjekta.
Regjeringa satsar på grøn skipsfart. I budsjettet føresler vi å auke midlane til fylkeskommunane med 100 millionar kronar slik at dei kan krevje låg- og nullutsleppsteknologi i anbod for ferjer og hurtigbåtar. Det vil føre til konkrete utsleppsreduksjonar når ei dieselferje blir erstatta av ei elektrisk ferje, men det er fylkeskommunane som sjølv må prioritere dette.
Å få betre grunnlag for å vurdere klimaeffektar av budsjettet er en prioritet for regjeringa. For å vidareutvikle den faglege metodikken rundt dette har regjeringa oppnemnt eit teknisk berekningsutval for klima. Utvalet har mellom annet blitt gitt i oppgåve å foreslå metodar for utrekning av klimaeffekt av statsbudsjettet, inkludert metodar for å anslå effektar på klimagassutslepp av endringar på statsbudsjettets inntekts- og utgiftsside. Utvalet har levert inn to rapporter, i juni 2019 og juni 2020. Etter oppdrag frå Miljødirektoratet og på vegne av teknisk berekningsutval for klima har Menon Economics og CICERO i september 2020 levert ein rapport med metode for å kategorisere statsbudsjettets bestanddeler etter påverknad på utslepp av klimagassar. Teknisk berekningsutval for klima vil ferdigstille sitt arbeid i 2023.
I tilfelle der det manglar treffsikker metodikk, må en difor, i tråd med forarbeida til klimalova, oppfylle kravet om å gjere greie for klimaeffekt av statsbudsjettet gjennom kvalitative beskrivingar etter beste faglege skjønn, på dei satsingane i budsjettet som er antekne å ha vesentleg effekt på klimagassutsleppa. Ein omtale av dei delane av budsjettet som er antatt å ha vesentleg effekt på klimagassutsleppa finnes i Prop. 1 S (2020-2021) Klima- og miljødepartementet, kapittel 14 - Klimaeffekten av framlagt budsjett. Sjå også kapittel 8 -Omtale av sektorovergripande klima- og miljøsaker.
Klimapolitikken til den norske regjeringa har vist seg å vere effektiv. Dei norske klimagassutsleppa har gått ned i fire år på rad. Utviklinga går altså i riktig retning. Det skjer ikkje av seg sjølv, men på grunn av ein vellykka klimapolitikk. Utsleppsframskrivingane viser korleis utsleppa kan utvikle seg fram mot 2030. Den raske teknologiutviklinga vi har sett dei siste åra, både i veitransport og for skip, er noko som har medverka til å redusere utslepp. Utan elbilpolitikken og anna offensiv politikk ville ikkje teknologiutviklinga hatt same effekt på utsleppa som vi har sett til no. Framskrivingane er basert på allereie vedteken politikk og inkluderer ikkje effekten av ny politikk. Det er til dømes ikkje tatt høgde for effekten av avgiftsauken som vert foreslått i årets budsjett, eller løyvingar til CO2-fangst og lagring.
Kunnskap ligg i botn når vi utviklar klimapolitikken. Det er difor utsleppa går ned.