Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:137 (2020-2021)
Innlevert: 14.10.2020
Sendt: 15.10.2020
Besvart: 20.10.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I kva grad har Avinor og/eller departementet vore engasjert i samband med at Wizz Air har starta opp innanriksruter i Noreg?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg å få kunnskap om kva Avinor har gjort i samband med at Wizz Air etablerte innanriksrute i Noreg. Det er og ynskjeleg at kopi av eventuell korrespondanse som har vore mellom Wizz Air og Avinor samt mellom Avinor og departementet og eventuelt mellom Wizz Air og departementet i saka vert lagt ved.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Reglane om flytransport i den indre marknaden (fotnote 1) gjer alle flyselskap med lisens i eit EØS-land rett til å fly innanriksruter i eit anna EØS-land enn sitt heimland (kabotasje). Wizz Air er eit ungarsk selskap, som har rett til å etablere innanriksruter på den norske innanriksmarknaden på same måte som norske flyselskap har rett til å etablere seg på innanriksmarknaden i andre EØS-land. Føresetnaden er at felleseuropeiske og nasjonale reglar som gjeld for slik verksemd blir følgt.
Utanlandske selskap som ønskjer å etablere kabotasjeruter i Noreg må melde frå til Luftfartstilsynet om dette slik at norske myndigheiter kan vite kven som til ein kvar tid flyr her i landet. Dette har Wizz Air gjort. I tråd med EØS-reglane kreves det ingen godkjenning frå norske myndigheiter for å etablere kabotasjeruter.
Av praktiske grunner har Wizz Air òg hatt kontakt med Avinor for å diskutere tidsluker (slots) og andre operative problemstillingar som oppstår ved etableringa. Avinor har eit generelt og publisert/offentleg tilgjengeleg regime for insentiv/rabattar. Avinor opplyser at det ikkje blir gjeve rabattar etter dette regimet til Wizz Air. Det har heller ikkje vore forhandla om, eller gjeve, andre fordelar til Wizz Air i samband med innanriksetableringa.
Det har ikkje vore nokon kontakt eller korrespondanse mellom Samferdselsdepartementet og Wizz Air om det som takast opp i spørsmålet.

-----------------------------

Fotnote 1:
https://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/TXT/PDF/?uri=CELEX:02008R1008-20200528&qid=1602757984385&from=EN