Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:150 (2020-2021)
Innlevert: 15.10.2020
Sendt: 16.10.2020
Besvart: 23.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): I Granavolden erklæringen står følgende: "Regjeringen vil: Gi økonomisk støtte til ladestasjoner og ladepunkt i borettslag, sameier og garasjelag." Nå er det siste statsbudsjett forslaget lagt fram for denne stortingsperioden og fortsatt har det ikke kommet noen slik støtteordning.
Har regjeringen avlyst løftet sitt om økonomisk støtte til lading i borettslag, sameier og garasjelag?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Regjeringa har dei siste åra gjort fleire grep i verkemiddelapparatet for å leggja til rette for lading i burettslag.
Regjeringa har nyleg foreslått ei lovendring som skal gi andelseigarar i burettslag rett til å setje opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil, samt tilsvarande presiseringar i eigarseksjonslova. Når lovendringa blir vedteken på Stortinget, vil bebuarar i burettslag og eigarseksjonar ha rett til å byggje ladepunkt, med mindre det ligg føre sakleg grunn for å nekte.
Kommunane har ei viktig rolle i utbygging av ladeinfrastruktur. Fleire kommunar har allereie stønadsordningar for ladeinfrastruktur i burettslag og sameiger. Gjennom Klimasats har regjeringa gitt økonomisk stønad til kommunal laderådgiving retta mot mellom anna burettslag. Slik rådgiving hjelper til betre vedtaksgrunnlag for generalforsamlingar som skal ta stilling til etablering av ladeanlegg. God informasjon om nye lademodellar med lågare investeringskostnadar, saman med lovendringa omtalt over, vil gjere det enklare for fleire å etablere felles ladeløysingar. I lys av den framtidige auken i elbilar, har regjeringa også signalisert at fylkeskommunane og kommunane gjennom planlegging etter plan- og bygningslova, skal sikre at det blir etablert tilstrekkeleg med ladestasjonar. Når eit areal vert sett av til parkering, bør kommunen på bakgrunn av det ha som rutine å setje krav til etablering av ladestasjonar.
Det har den siste tida dessutan kome nye ladeløysingar på marknaden basert på abonnementsløysingar der ein tredjepart installerer og eig anlegget og leiger ut kapasitet til elbileigarane. Ei slik løysing adresserer effektivt utfordringa med høge investeringskostnadar ved å bake kostnadane inn i leiga. På denne måten betaler ein for det ein brukar, noko som gjer diskusjonar rundt kostnadsfordeling enklare. Det er verdt å merke seg at burettslag og sameiger med slike ordningar ikkje kunne fått investeringsstønad ettersom dei ikkje har investeringskostnadar.
Regjeringa vil vurdere vidare oppfølging av punktet i Granavoldenplattforma i lys av utviklinga som er gjort greie for over. For å nå dei måla regjeringa har sett for nullutsleppskøyretøy er det ein viktig føresetnad at det finst tilgjengeleg og effektiv ladeinfrastruktur i heile landet. Regjeringa sitt utgangspunkt er at utbygging av ladeinfrastruktur skal vere marknadsbasert, på same måte som for bensinstasjonar. Likevel er det stader i Norge der ein framleis manglar nødvendig ladeinfrastruktur, mellom anna fordi det ikkje løner seg for kommersielle aktørar å etablere seg. Her bidreg Enova med økonomisk stønad til nødvendig ladeinfrastruktur for å skape grunnlag for kommersiell drift. Sidan 2015 har Enova støtta utbygging av ladeinfrastruktur for elbilar med til saman om lag 136 millionar kroner. I 2020 er det gitt tilsegn om støtte på 64,5 millionar kroner til 25 nye ladestader i Troms og Finnmark.