Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:285 (2020-2021)
Innlevert: 29.10.2020
Sendt: 29.10.2020
Besvart: 04.11.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er det identifisert behov ut over det som er beskrive i KVU Evenes i samband med lagring, montering og transport av eksplosivar for å dekke nasjonale og allierte behov ved Evenes flystasjon?

Begrunnelse

Senterpartiet viser til Stortingets spørjetime 29.01. Forsvarsministeren forsikra Stortinget at lagring, montering og transport av eksplosivar knytt til MPA-verksemd kjem til å verte ivareteke i tråd med reglar og lovverk, og tryggleikstandaren som skal vert sett. Senterpartiet viser til at KVU Evenes legg til grunn gjenbruk av eksisterande fasilitetar til lagring av våpen og ammunisjon. Dette vart også stadfesta i spørsmål frå Finanskomiteen/APs fraksjon av 23.05.2017, kor regjeringa svarar:

«I konseptvalgutredningen for Evenes flystasjon legges det til grunn gjenbruk av eksisterende EBA på Evenes til eksplosivlagring. Dette medfører ikke merkostnader til drift sett i forhold til grunnlaget for stortingsbehandlingen.»

Senterpartiet er kjend med at eit ammunisjonsutval har arbeidd med problemstillinga knytt til lagring, transport, og montering av eksplosivar til MPA systemet. Forsvarsministeren informerte Stortinget 29.01:

«(...) jeg kan forsikre om at dette kommer til å bli ivaretatt i henhold til regler og lovverk, og sikkerhetsstandarden som skal settes.»

Senterpartiet merkar seg at ministeren informerar Stortinget at dette behovet ikkje enda er teke hånd om, men kjem til å verte det.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til mitt svarbrev på eit likelydande spørsmål frå stortingsrepresentant Wilfred Nordlund i brev frå Stortingets president av 26. oktober 2020. Konseptvalutgreiinga (KVU) Evenes beskreiv dei behov og krav som må eller bør verte ivareteke for at Evenes flystasjon skal fungere tilfredsstillande som framskoten operasjonsbase for kampfly og som base for dei maritime overvakingsflya.
Forsvaret opplyser at dei i 2020 greier ut den framtidige innretninga av ammunisjonstenesta ved Evenes flystasjon knytt til blant anna bemanning, utrustning, materiell og infrastruktur. Utgreiinga vert gjennomført i tråd med krava frå konseptvalutgreiinga for Evenes flystasjon og gjeldande lover og reglar. Forsvaret har informert departementet om at det på noverande tidspunkt er for tidleg å konkludere endeleg rundt ammunisjonstenesta sine behov på Evenes og korleis dei vil verte løyst.