Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner statsråden det er rett at fylka, og spesielt dei som er først, skal bere desse meirkostnadane utan at staten bidreg til dei auka driftskostnadane, eller vil statsråden vurdere å inngå forpliktande avtalar med fylka om medfinansiering av desse viktige klimatiltaka?
Begrunnelse
Fleire fylker arbeider med nye anbod på ferje- og snøggbåtar. Dette er i tråd med Stortinget sin uttrykte vilje om reduksjon i klimagassutslepp innan transportsektoren. Fylka opplever at staten ikkje er villig til å forplikte seg når det gjeld finansiering av meirkostnadane ny teknologi medførar, spesielt auka driftskostnadar i kontraktsperioden. Spesielt krevjane er det for dei fylka som er først ute, slik Vestland var på ferger, og no er på nye anbod på snøggbåtar. For nye snøggbåtanbod er prognosen for auka driftskostnadar 30-80 mill. årleg i fylgje fylkesrådmann i Vestland sine utgreiingar.