Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:311 (2020-2021)
Innlevert: 30.10.2020
Sendt: 02.11.2020
Besvart: 11.11.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): De aller fleste store rovdyr som felles under kvotefri jakt, kvotejakt eller lisensfelling blir flådd av jeger/preparant slik at det bare er skrotten som blir innsendt til analyse. Jegeren/jaktlaget får altså beholde skinnet. Ved felling av store rovdyr på skadefellingstillatelse skal hele dyret så snart som mulig etter fellingen sendes inn til analyser. Det betyr at jeger/jaktlag ikke får beholde skinnet.
Kan ministeren sørge for at jeger/jaktlag får beholde skinnet, selv om dyret blir felt under skadefelling?

Begrunnelse

Jeger/jaktlag må få beholde skinnet, uansett om dyret blir felt under kvotefri jakt, kvotejakt, lisensfelling eller skadefelling!

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Etter norsk lov er utgangspunktet at ingen har eigedomsretten til viltet. Ein slik rett trer inn når det er opna for ordinær jakt på viltet, og viltet er felt eller fanga på lovleg måte innanfor det tidsrommet det er opna for jakt i. Til dømes vil ein person som feller eit hjortedyr, som gjer skade på eigen avling, til dømes ein kornåker, utanom den ordinære jakttida, ikkje ha rett til viltet. I ein slik situasjon høyrer viltet, inkludert skinnet, til Viltfondet. Viltfondet er eit statleg fond som blir administrert av Miljødirektoratet.
Ulv, bjørn, jerv og gaupe er alle truga artar i Noreg, og med unntak av gaupe er ikkje dei store rovdyra definert som jaktbare artar. Av omsyn til mellom anna beitenæringane er det likevel opna for lisensfelling og kvotejakt av dei store rovdyra, for å avgrense storleiken og utbreiinga på bestandane. Det har vore eit mål å gjere denne lisensfellinga/jakta mest mogleg lik annan type jakt. Jegeren som har felt eit rovdyr gjennom lisensfelling eller kvotejakt får difor normalt skinnet av det felte rovdyret, sjølv om lisensfelling ikkje er ordinær jakt.
Ved skadefelling av viltartar utanom ordinær jakttid tilhøyrar viltet Viltfondet. Dette gjeld for alle viltartar, også ved skadefelling av rovvilt. Skadefelling inneber uttak av enkeltindivid av vilt som forårsakar skade på eigedom. Skadefelling av rovvilt skil seg i tillegg frå annan jakt og skadefelling ved at det er eit fellingslag som gjennomfører eit oppdrag på vegne av staten, og at dei personane som er med i fellingslaget mottar statleg godtgjering. Vidare er det slik at bestandane av våre rovdyr er små og forvaltinga av desse artane krev høg grad av presisjon. Det er difor viktig å ha best mogleg kunnskap om rovdyra.
Når det gjeld reglane rundt kven som får eigarskap til viltet etter felling, blir det altså ikkje skilt mellom rovvilt og anna vilt. Eg meiner dette er ei samfunnsmessig god og fornuftig ordning og meiner difor gjeldande ordning bør oppretthaldast. Det er så vidt eg kjenner til heller ikkje nemneverdige problem med å få tak i nok motiverte jegerar til å delta i fellingslag, uavhengig av om dei får eigarskap til skinn eller ikkje.
Når rovvilt er felt ved skadefelling skal desse dyra primært vere til nytte for vitskapeleg verksemd, anten forskingsinstitusjonar eller museum. Andre som kan få nytte av slike dyr er kommunar og andre offentlege institusjonar, og etter det eg kjenner til er det også tilfelle der det er mogleg for privatpersonar å kjøpe t.d. bjørneskinn frå Viltfondet. Det er derimot ikkje høve til å selje skinnet før bjørnen er skoten.