Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:497 (2020-2021)
Innlevert: 19.11.2020
Sendt: 19.11.2020
Besvart: 26.11.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Mener regjeringa at EUs bokføringssystem for LULUCF synliggjør det reelle karbonopptaket fra norske arealer på en god måte, hva vil regjeringa gjøre for å hindre et netto utslipp på 12 mill. tonn CO2-ekv. i LULUCF-sektoren i 2030 og hva vil en ytterligere innstramming i klimamålet for ikke kvotepliktig sektor tilsvarende 12 mill. tonn CO2-ekv. mot 2030 koste?

Begrunnelse

Norges har forpliktet seg til en klimaavtale med EU. Avtalen innebærer at Norge deltar i EUs klimaregelverk for 2030 på like vilkår som medlemslandene i EU. Dette gjelder både innenfor kvotepliktig sektor, ikke-kvotepliktig sektor og arealsektoren (LULUCF). Dersom et medlemsland bokføres med et netto utslipp i arealsektoren må dette som hovedregel dekkes av ytterligere utslippskutt i ikke-kvotepliktig sektor. Norges arealsektor står i dag for et netto karbonopptak tilsvarende ca. 23,7 mill. tonn CO2-ekv., tilsvarende nesten halvparten av de norske klimagassutslippene. EUs regler for bokføring av karbonopptak og utslipp i arealsektoren baseres imidlertid på i stor grad på en referansebane satt ut fra hvert enkelt lands tidligere forvaltning og avvirkningsnivå. Det har derfor vært knyttet stor usikkerhet til om arealsektoren i Norge vil bokføres med et netto opptak eller et netto utslipp i henhold til EUs regelverk. I regjeringas forslag til statsbudsjett for 2021 heter det imidlertid at: Førebelse og usikre berekningar syner at Noreg kan komme ut med eit utslepp på 12 millionar tonn CO2 frå skog- og arealsektoren for perioden 2021–2030. Utslippet i Norges ikke-kvotepliktige sektor var i 2019 tilsvarende 24,7 mill. tonn CO2-ekv. Blir framskrivingen i regjeringas statsbudsjett blir en realitet vil utslippene i ikke-kvotepliktig sektor måtte reduseres med 12 mill. tonn. Dette vil komme i tillegg til Norges innmeldte forpliktelse i Parisavtalen om utslippsreduksjon på 50-55 prosent mot 2030.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Skog og andre grøne areal er svært viktige i klimasamanheng både globalt og nasjonalt. Bruk av landområda er ei kjelde til klimagassutslepp, men dei står også for eit betydeleg opptak av CO2. Den norske skogen har eit stort opptak. Det er blant anna eit resultat av at det blei planta mykje skog i Noreg i etterkrigstida, og at denne skogen no er i sin mest vekstkraftige fase. Det fulle opptaket i norsk skog er synleg i Noregs klimagassrekneskap, slik det blir rapportert til FN under Klimakonvensjonen.
EUs klimarammeverk for 2030 inneheld regler for korleis opptak og utslepp i skog- og arealbrukssektoren skal bli rekna opp mot forpliktinga som er satt for sektoren. Forpliktinga er at utslepp frå sektoren ikkje skal vere større enn opptaket (den såkalla "netto null-forpliktinga"). Reknereglane skil seg frå klimagassrekneskapen på nokre viktige punkt. For forvalta skog blir opptaket halde opp mot ein framoverskuande referansebane som tar utgangspunkt i skogforvaltningspraksisen i perioden 2000-2009. Blir opptaket lågare enn i referansebanen, blir differansen bokført som eit utslepp. Blir opptaket høgare enn i referansebanen, blir differansen bokført som eit opptak. Noreg sendte inn ein oppdatert referansebane for forvalta skog til EFTAs overvakningsorgan (ESA) den 9. november 2020, og denne skal etter planen bli vurdert av ESA i løpet av 2020.
Avskoging er hovudårsaka til at Noreg ligg an til å få et utslepp frå skog- og arealbrukssektoren. Framskrivingane visar eit utslepp på 24 mill. tonn CO2-ekv. frå avskoging i perioden 2021-2030. Det aller meste av desse utsleppa kjem frå utbygging. Karbonrike areal som myr og skog blir brukt til å bygge ut vegar, bustader, fritidsbustader, næringsbygg og mykje anna. Om vi lykkast med å redusere desse utsleppa, vil det bidra positivt til netto null-forpliktinga. Å redusere slik nedbygging er vinn-vinn for klima, naturmangfaldet og skogbruket.
Regjeringa vil om kort tid legge fram ei melding for Stortinget om korleis vi vil nå klimamåla for 2030. Planen vil ta for seg dei tre pilarene i EUs klimarammeverk. Vi visar korleis regjeringa vil kutte utsleppa med 45 prosent frå ikkje-kvotepliktig sektor, og dei økonomiske og administrative konsekvensane av dette vil bli gjort greie for. Skog- og arealsektoren er også ein viktig del av meldinga. Om eit land skulle få utslepp i skog- og arealbrukssektoren, opnar regelverket for ulike typar fleksible mekanismar. Det kan vere gjennom å gjere meir i ikkje-kvotepliktig sektor, eller ved å kjøpe utsleppseiningar frå andre lands ikkje-kvotepliktig sektor og/eller skog- og arealbrukssektor. Det er knytta uvisse til utsleppsgapet for sektoren, og det er for tidleg å berekne kostnadene ved eit eventuelt netto utslepp no. Forpliktingsperioden startar i 2021, og difor er pris på utsleppseiningar enno ikkje kjend. I Stortingsmeldinga vil eg gjere reie for eit oppdatert utsleppsgap for skog- og arealbrukssektoren, og leggje fram ein plan for auka opptak og redusere utsleppa frå sektoren i Noreg.