Svar
Sveinung Rotevatn: Biogass er smart avfallshandsaming, ei god løysing for å redusere utslepp frå transportsektoren, og for å utnytte ressursar på ein sirkulær måte. Den norske marknaden for biogass veks, det blir fleire biogasskøyretøy på vegane, og interessa for biogass til skip aukar. Produksjonen aukar også, med ei god blanding av private og offentleg eigde biogassanlegg som heile tida effektiviserer drifta og finn nye substrat.
Noreg er eit langstrakt land. Vi har ikkje like mange innbyggjarar som nabolanda våre. Vi har ein annleis geografi, med lange transportavstandar, og vi har eit mindre og meir desentralisert landbruk. Samtidig har vi store og moderne biogassanlegg, med låge utslepp og effektiv drift, og all norsk biogassproduksjon er i dag basert på avfall som har få eller ingen alternative bruksområde. Unntaket er husdyrgjødsel, eit av få råstoff som har ein klimagevinst ved produksjon.
I 2019 hadde Sverige 280 biogassanlegg som produserte 2,1 TWh biogass. 64 prosent av biogassen blei oppgradert til drivstoffkvalitet, som gav 1,3 TWh. Danmark har i 2020 186 biogassanlegg som dei vurderer skal produsere 3-5 TWh biogass, og halvparten blir oppgraderte til drivstoffkvalitet. Noreg hadde i 2018 36 biogassanlegg som rapporterte ein produksjon på 0,5 TWh, der 40 prosent blei oppgradert, altså 0,2 TWh. Tala er ikkje direkte samanliknbare.
Den svenske biogassutgreiinga SOU 2019:63 Mer Biogas! tilrår eit produksjonsmål på 10 TWh i 2030, der 7 TWh skal kome frå anaerob utrotning (behandling av biologisk avfall i biogassanlegg) og 3 TWh kome frå "andre kjelder". Målet er altså litt over ei tredobling av dagens produksjon. Sverige importerer omtrent like mykje biogass som dei produserer.
Det danske Klimarådets rapport Kendte veje og nye spor til 70 procents reduksjon – Retning og tiltag for de næste ti års indsats i Danmark baserer seg på eit potensial på 13,3 TWh, og bruker 2/3 av dette i utrekningane sine, altså i underkant av 9 TWh. Det er ei 2-3 dobling av dagens produksjon. Danmark har mange små og eldre biogassanlegg, og eit av dei tre tiltaka rapporten ser på er derfor å hindre lekkasjar av biogass frå produksjon.
I Miljødirektoratets rapport M-1652 | 2020 Virkemidler for økt bruk og produksjon av biogass bruker dei eit realistisk potensial for produksjon av biogass frå anaerob utrotning på 2,5 TWh i 2030. Det er nesten ei 5-dobling frå dagens produksjon, ein større relativ auke enn nabolanda våre.
Resultat av potensialstudium er sensitive for kva premissar som blir lagde til grunn. Særleg viktig er kva råstoff som blir inkludert, energipotensiala deira, og kor stor del som kan brukast til biogassproduksjon kontra andre høve. Miljødirektoratet framhevar at det skisserte potensialet for 2030 er ambisiøst, men samstundes realistisk oppnåeleg. Samtidig meiner dei at potensialet kan vere større, særleg på lengre sikt, og dersom ny teknologi og nye råstoff blir tekne i bruk.
Avfallsmengdene, spesielt matavfall, skal kuttast gjennom heile verdikjeda. Det er rom for å auke produksjon av biogass basert på andre råstoff, særleg husdyrgjødsel, og sjølv om dette er eit råstoff som er relativt mindre energitett enn mange alternativ, og difor mindre lønsam, er det eit av få råstoff som har ein klimagevinst ved sjølve produksjonen.
Mange av våre naboland nyttar energiplanter som mais, korn, gras og betar i biogassproduksjon. Danmark har ein regel om at det berre er lov å bruke 25 % energiplanter for å kunne få stønad, men ikkje alle land prøver å avgrense bruk av energiplanter til biogass. Vi har mykje mindre produktiv jord tilgjengeleg, og må bruke den til å dyrke mat til oss og dyra våre.
For å summere: Eg er einig med representant Halleland om at det er viktig at politikkutforminga lenar seg på gode og kvalitetssikra kjelder. Miljødirektoratet er ei slik kjelde. Vi har i Norge høve for å auke produksjonen av biogass. Den veks jamt og trutt, men det skal skje på ein måte som er berekraftig. I løpet av kort tid vil regjeringa leggje fram planen vår for korleis vi skal nå utsleppsmåla våre i 2030. Biogass er ein del av den planen.