Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:522 (2020-2021)
Innlevert: 20.11.2020
Sendt: 23.11.2020
Besvart: 01.12.2020 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva vil utanriksministeren gjere for å støtte innsatsen til FNs generalsekretær for å stanse kampane og få partane til forhandlingsbordet, og vil Noreg, som enno ikkje har teke sete i Sikkerheitsrådet, ta initiativ ovanfor Storbritannia eller EU for å få dei til å ta saka opp til drøfting i FNs sikkerheitsråd?

Begrunnelse

I følgje mange kjelder har fredsprisvinnar Abiy sett i verk borgarkrig i Tigray-provinsen i Etiopia. Eritrea er alt involvert i krigen og konflikta har ført til at etiopiske styrkar har trekt seg ut av Somalia, der dei kjempa mot al-Shabaab, med dei konsekvensane det måtte få for motstandenen mot islamistane der. Mykje tyder på at krigen vil halde fram med ufattelege lidingar og kan føre til at naboland kjem i krig. 100 000 eritreiske flyktningar er i flyktningeleirar i Tigray og er trua av svolt. UNHCR har vanskar med å kontakte sine medarbeidarar og det er mangel på utstyr og mat i leirane. No skal innhaustinga i den nordlege delen av Etiopia starte. Men den kan bli totalt øydelagd, med dei store negative konsekvensane det kan få for tilgangen på mat i regionen. Frå fleire hald har det kome krav om at borgarkrigen i Tigray må takast opp i FN sitt sikkerheitsråd.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg er djupt uroa over eskaleringa av situasjonen i Tigray i Etiopia. Befolkninga påførast store lidingar, og det er store flyktningstraumar over grensene til nabolanda. Eg har oppmoda partane til å leggje ned våpna og innleie dialog, samt oppmoda partane til å opne kommunikasjons- og transportlinjane. Eg har uttrykt klare forventningar om respekt for humanitærretten og til å verne sivile, og at humanitære aktørar må ha trygg humanitær tilgang utan hinder.
Regjeringa beslutta 24. november å bidra med ytterlegere 27 millionar kroner i humanitær innsats. Støtta vil gå til akutt hjelp til befolkninga i Tigray og til flyktningane som har kryssa grensa til Sudan. Hjelpa vil mellom anna gå via Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) og andre humanitære aktørar som alt no gjer eit stort arbeid med å mobilisere hjelpetiltak langs grensa. Det er og beslutta støtte til etablering av overnattings- og kontorfasilitetar for hjelpearbeidarar i Sudan, fordi desse i dag arbeider under svært krevjande høve.
Noreg er observatør i Tryggingsrådet fram til vi trer inn som medlem 1. januar neste år og føljer sakene på dagsorden nøye. I eit møte mellom dei noverande og innkomande valde medlemmane i rådet og FNs generalsekretær 23. november uttrykte Noregs FN-ambassadør vår sterke uro for den humanitære situasjonen i Etiopia og signaliserte støtte til å løfte situasjonen inn i Tryggingsrådet. 24. november var det hastedebatt om Etiopia i Tryggingsrådet.
Noreg støttar også ulike regionale initiativ i regi av høvesvis Den afrikanske union (AU) og Intergovernmental Authority on Development (IGAD). Sør-Afrikas president Ramaphosa, noverande AU-formann, har nyleg oppnemnd tre spesialutsendingar (dei tidlegare presidentane Chissano, Johnson-Sirleaf og Motlanthe) som vil freiste å innleie dialog med partane i konflikten. Tidligare president i Nigeria, Olesugun Obasanja vitja Addis Abeba i same ærend, med bistand frå mellom anna den norske diplomaten Jens-Petter Kjemprud. Noreg oppmodar begge sider om å ta i mot dei tre utsendingane, stoppe krigshandlingane, og finne ei fredelig løysning på situasjonen.
IGAD har gjennom sin formann, statsminister Hamdok i Sudan, ved fleire høve prøvd å overtale statsminister Abiy til å gå i dialog med tigrayane sitt parti TPLF. So langt har innsatsen ikkje lukkast. Noreg har lenge vore ein støttespelar for IGAD, både politisk og økonomisk, og vi vil oppmode IGAD om å oppretthalde dialogen med statsminister Abiy og fremje nye initiativ.