Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:553 (2020-2021)
Innlevert: 23.11.2020
Sendt: 24.11.2020
Besvart: 30.11.2020 av kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Meiner statsråden at folkehøgskulane har strenge nok krav til HMS og rutinar for å sikre eit forsvarleg læringsmiljø?

Begrunnelse

I brev til kunnskapsministeren av 9. januar i år, stiller foreldra til Jan Arne Kløvjan Ringstad fleire spørsmål om krav til folkehøgskulane sine sikkerheitsrutinar overfor elevane. Sonen deira opplevde å bli varig ufør etter ei hoppulykke på folkehøgskule i 2015. Dei har enno ikkje mottatt svar på brevet.
Fleire folkehøgskular har linjer som enten baserer seg på, eller har element av, ekstremsport og liknande utfordrande aktivitetar som elevane ikkje vil vere vande med frå dagleglivet. Desse aktivitetane kan ha stort skadepotensial, og det er vanleg med obligatorisk deltaking.
Spørsmålet er dermed om dagens reglar i folkehøgskoleloven § 5a andre ledd og forskrift om miljøretta helsevern § 7 er tilstrekkeleg til å sikre at undervisninga skjer under forsvarlege forhold der risikoen for at elevane skal bli påført skade blir redusert så langt som mogleg.

Guri Melby (V)

Svar

Guri Melby: Folkehøgskolelova § 5a om læringsmiljø trådde i kraft 1. januar 2005. Her blir folkehøgskolane pålagt eit ansvar for at læringsmiljøet i skolen skal vere fullt forsvarleg ut frå ei samla vurdering av omsynet til elevane si helse, sikkerheit og velferd. Det heiter vidare i lovføresegna at skolen – "så langt det er mulig og rimelig" – skal sørgje for "at virksomheten er planlagt slik at skader og ulykker forebygges". Etter tredje ledd i same lovføresegn har Arbeidstilsynet tilsyn med at desse krava blir overhalde av folkehøgskolane.
Eg synest det er veldig trist å høyre om den ulykka som hende i 2015, og kva for tragiske følgjer den har fått for den som blei ramma. Ulykka har i ettertid blitt grundig vurdert og mellom anna vore innom tre ulike rettsinstansar. Den blei avvist til handsaming i Høgsterett, men endeleg avgjort i lagmannsretten. I dommen frå lagmannsretten blei det konkludert med at ulykka måtte reknast som eit hendeleg uhell. Skolen blei ikkje halden ansvarleg for ulykka.
Eg merker meg at ulykka hende på ei linje på folkehøgskolen som inneheld element av ekstremsport og liknande utfordrande aktivitetar. Dette er aktivitetar som kan ha eit stort skadepotensial. Det blir sagt i spørsmålet at dette fører elevane opp i situasjonar som dei ikkje er vande med frå dagleglivet. Eg må likevel understreke at det er frivillig å gå på folkehøgskole og der velje ei linje som har element av risiko ved seg. Etter mitt syn er det ikkje mogleg ved hjelp av regelverk fullt ut å verja seg mot ulykker som – dessverre – av og til kan få tragiske utfall. Skulle ein verja seg hundre prosent mot dette, måtte ein heilt forby linjer som har element av slik risiko i seg. Dette er nett linjer som er attraktive for ein del elevar som søkjer seg til folkehøgskolar.
Det er slik eg ser det, ikkje noko som viser at regelverket for å førebyggje ulykker ved folkehøgskolar er mangelfullt.