Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:609 (2020-2021)
Innlevert: 24.11.2020
Sendt: 30.11.2020
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 04.12.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva er den helsefaglege grunngjevinga for å unnta norske studentar fra kravet om hotellkarantene medan andre nordmenn vert pålagt dette, og korleis vurderar ein denne praksisen i lys av Grunnlova sin § 98, der det heiter at ingen skal utsetjast for «usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling»?

Begrunnelse

I forskrifta om endring i covid-19 – forskrifta som vart iverksett frå 9.11. 2020, går det i § 5 fram kva reglar som gjeld for unntak frå kornahotell-forskrifta. På regjeringa sine nettsider om forskriftsendringa, framgår det at studentar er unntatt frå regelen om å måtte vere busett eller eige bustad i Norge for å sleppe koronahotell-opphald ved innreise til Norge.
Nordmenn som bur i utlandet og vil besøke familien sin meiner at dei her vert forskjellsbehandla frå norske studentar. Studentar er ofte i alderen 20-29 år, ei gruppe som i fylgje FHI har svært høge smittetal for øyeblikket. Det vert stilt spørsmålsteikn ved kva smittevernfaglege vurderingar som ligg til grunn for å frita denne gruppa frå karantenetid på hotell, medan andre nordmenn som ynskjer å tilbringe karantenetida med familien sin, vert pålagt å vere i hotell-karantene, og om dette samsvarar med likebehandlingsplikta staten har overfor sine borgarar.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Eg vil fyrst påpeike at studentar har ikkje noko eige unntak frå hovudregelen om at ein skal opphalde seg på karantenehotell under karantenetida. Mange norske studentar vil vere omfatta av unntaket for personar som er busette i Noreg, og dei treng difor ikkje å opphalde seg på karantenehotell under karantenetida. Karantene for smitteutsette grupper er eit av få effektive tiltak for å hindre spreiing av SARS-CoV2, og reglane om karantenehotell vart innførte etter at helsestyresmaktene tilrådde å skjerpe inn kravet til opphaldsstad under karantenetida for tilreisande frå land med høge smittenivå.
Eit vesentleg omsyn bak ordninga med karantenehotell er å sikre at personar i innreisekarantene har ein høveleg opphaldsstad i karantenetida, og at dette enkelt kan dokumenterast når dei kjem til landet. Dette er bakgrunnen for at reisande med registrert bustad i Noreg i utgangspunktet ikkje treng å vere på karantenehotell under karantenetida, til forskjell frå dei som ikkje er registrerte med bustad i Noreg. Utanlandsstudentar som før studia var busette i Noreg, vil ofte framleis vere folkeregistrerte i Noreg i studietida, sidan dei berre har mellombels opphald i utlandet.
Karantenekravet vil vere det same for begge gruppene, og ei grunngjeve forskjellsbehandling vil ikkje vere i strid med Grunnlova § 98.