Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:640 (2020-2021)
Innlevert: 03.12.2020
Sendt: 04.12.2020
Besvart: 10.12.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Statsråden svarer meg 25.11. på et skriftlig spørsmål om import av isbjørnskinn til Norge. Han sier blant annet: «Det er så langt eg kan sjå ikkje noko som tyder på at vi bryt med Noregs ansvar etter CITES-konvensjonen».
Hvordan kan statsråden svare slik når CITES etter det jeg har forstått, ga beskjed til departementet i møte i 2019 om at Norge tar imot skinn uten tag, altså godkjent merking på bærekraftig jakt, og hvorfor drøyer statsråden så lenge med å komme med en konklusjon etter at han både har fått faglige råd fra NP, VKM og MD?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Noreg bryt ingen av forpliktingane våre etter CITES-konvensjonen ved å tillate kommersiell import av isbjørnprodukt frå Canada. Det er ikkje eit krav under CITES-konvensjonen at tag skal vere sett på ved importtidspunktet, og Noreg har så langt heller ikkje innført nasjonale reglar som går lengre enn konvensjonen på dette punktet. Noreg har heller ikkje motteke nokon formell fråsegn frå CITES om at Noreg bryt forpliktingane våre med tanke på import av isbjørnprodukt og tag ved importtidspunkt.
Eg forstår at representanten er utolmodig. Eg har motteke gode faglege vurderingar frå fleire instansar, men eg må også få tid til å gjere ei sjølvstendig vurdering av saka. Det er òg viktig at eventuelle tiltak som blir sett i verk ikkje blir meir inngripande enn nødvendig. Eg må derfor be representanten vise enda litt meir tolmod før ei endeleg avgjerd blir teken i denne saka.