Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:660 (2020-2021)
Innlevert: 06.12.2020
Sendt: 07.12.2020
Besvart: 11.12.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor stor del av personellet på Andøya flystasjon vekependla i åra fram til nedleggingsvedtaket og kva er status per dags dato?

Begrunnelse

Viser til eit innlegg på trønderdebatt.no 01.12.20 av ordfører Tom Myrvold. Her vert det vist til at Covid-19 situasjonen gjer at det spøkjer for flyruta Ørland-Oslo, etter som ruta ikkje kjem inn under kompensasjonsordninga. Å leggje godt til rette for pendling for forsvarstilsette er særs viktig for forsvarsevna. Utan denne ruta, vil reisetida for meir enn 1 500 soldatar på Ørland flystasjon aukast med mellom 6-8 timar avhengig av når og kor reisa vert gjennomført, etter som ein må mellomlande på Værnes. Det vil også føre til fleire ekstrakostnadar som meir bruk av hotell, endring i kollektivtilbodet og auka reisekostnadar.
Det er fleire innlandsruter som vert råka av Covid-19, det vil kunne ha fleire negative konsekvensar for tilsette som er avhengig av å pendle. Senterpartiet meiner difor at det er viktig at staten oppheld eit godt flytilbod ute i distrikta. Senterpartiet meiner også at staten må jobbe for å verne solide fag- og arbeidsmiljø ute i distrikta, ettersom dette vil kunne avgrense sårbarheita. Dersom forsvaret skal basere store delar av basane i Nord-Noreg på tilsette som må vekependle og innlandsflytilbodet vert svekka i tida som kjem, er det ein uheldig situasjon.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: I 2016 var det omlag 12 prosent av dei tilsette på Andøya flystasjon som vekependla. I dag er delen pendlarar omlag 22 prosent.