Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:661 (2020-2021)
Innlevert: 06.12.2020
Sendt: 07.12.2020
Besvart: 11.12.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor stor vil del av personellet er det estimert at vil vekependle til Evenes dersom ein legg til grunn utviklinga til Ørland hovudflystasjon og kor mye kostar i snitt ein pendlar Forsvaret?

Begrunnelse

Viser til eit innlegg på trønderdebatt.no 01.12.20 av ordfører Tom Myrvold. Her vert det vist til at Covid-19 situasjonen gjer at det spøkjer for flyruta Ørland-Oslo, etter som ruta ikkje kjem inn under kompensasjonsordninga. Å leggje godt til rette for pendling for forsvarstilsette er særs viktig for forsvarsevna. Utan denne ruta, vil reisetida for meir enn 1500 soldatar på Ørland flystasjon aukast med mellom 6-8 timar avhengig av når og kor reisa vert gjennomført, etter som ein må mellomlande på Værnes. Det vil også føre til fleire ekstrakostnadar som meir bruk av hotell, endring i kollektivtilbodet og auka reisekostnadar.
Det er fleire innlandsruter som vert råka av Covid-19, det vil kunne ha fleire negative konsekvensar for tilsette som er avhengig av å pendle. Senterpartiet meiner difor at det er viktig at staten oppheld eit godt flytilbod ute i distrikta. Senterpartiet meiner også at staten må jobbe for å verne solide fag-og arbeidsmiljø ute i distrikta, ettersom dette vil kunne avgrense sårbarheita. Dersom forsvaret skal basere store delar av basane i Nord-Noreg på tilsette som må vekependle og innlandsflytilbodet vert svekka i tida som kjem, er det ein uheldig situasjon.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Dersom ein samanliknar avdelingar som er planlagd etablert på Evenes, med utviklinga ved Ørland hovudflystasjon, vil pendlarar utgjerde omlag 20 prosent av dei tilsette.
Dei årlege kostnadane per pendlar er omlag 105 000 kroner i året, medrekna reise, kost og kvarter.