Helge André Njåstad (FrP): Når ser statsråden for seg at proposisjon om Hordfast kjem til stortinget med denne nye måten å jobbe på for dette prosjektet, og er det et mål at proposisjonen blir behandla i denne stortingsperioden?
Begrunnelse
Regjeringa presenterte 9. oktober nyhenda om at to prosjektet E39 Hordfast og E6 Fauske – Mørsvikbotn skal involvere entreprenørar tidleg for å kutte kostnadar og optimalisere prosjekta.
Departementet skriv dette i pressemeldinga:
I dag er det slik at Statens vegvesen ikkje kan involvere ein entreprenør til å bygge eit vegprosjekt før prosjektet er godkjend av Stortinget. Stortinget si handsaming skjer dessutan fyrst etter at reguleringsplanlegginga er ferdig og siste eksterne kvalitetssikring (KS2) er gjennomført. Dagens modell gir dermed ikkje Statens vegvesen opning for å involvere entreprenørar på eit tidleg tidspunkt i planlegginga, slik Nye Veier kan gjere.
Samferdselsdepartementet ber no Statens vegvesen om å forberede arbeid med tidleg involvering for prosjekta E39 Hordfast (Stord – Os) og E6 Fauske – Mørsvikbotn. Det betyr mellom anna at det vil vere mogleg å involvere entreprenørar på eit tidleg tidspunkt i planlegginga eller i arbeidet med å optimalisere løysingar innanfor gjeldande planar.