Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:699 (2020-2021)
Innlevert: 10.12.2020
Sendt: 11.12.2020
Besvart: 17.12.2020 av næringsminister Iselin Nybø

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Verftsnæringa i Norge er ei kapitalintensiv næring som slit og som har fått store ekstrakostnader pga. koronapandemien. Stor bruk av utanlandske gjestearbeidare og karantenereglane slår hardt ut. Ved nybygging av skip må ca. 70 % av kostnadane forskotterast og vert betalt først når skipet er ferdig Bankane har også sett ned ratinga frå nivået ein hadde før pandemien, noko som gjer det vansklegare å reise kapital. Endringane i Giek er ikkje tilstrekklege.
Kva tiltak vil statsråden iverksette for å redde jobbane og denne viktige næringa?

Begrunnelse

Regjeringa sa at levedyktige bedrifter før koronapandemien skulle få hjelp til å komme seg gjennom krisa. Likevel kjem regjeringa opp med kompensasjonsordninger som er smale og favner få. Verftsnæringa i Norge er ei kapitalintensiv næring som slit og som har fått store ekstrabelastninger pga. korona. Det er vanleg at omlag 70 % av kostnadane må forskotterast og vert betalt først når skipet er ferdig. Ein av årsakene til at det er ekstra vanskelig for mange no under pandemien, er karantenereglene og bruk av utanlandske gjestearbeidere. Bankane har også sett ned ratinga frå det den var før pandemien, slik at det vert ekstra vanskelig å reise naudsynt kapital. Næringa sjølve peikar på at endringane i GIEK ordning vil ha liten innverknad i praksis og at dette ikkje er tilstrekkelige. Den ordninga som vart avsett ved ekstraordinære tiltak og nedstengingar har feil innretning og krev også kommunal medverknad. Istadenfor å endre innretningen og ha tilstrekkeleg med midlar der, slik at den treff vert ordninga og avsette midlar inndregen i nysalderinga.
Eit eksempel er verftet i Leirvik som er inne i ein svært omfattande nedskalering/omstrukturering og det er varsla nedbemanning med omlag 100 årsverk og at det vert meir reperasjon/ombygging. Dette til tross for at verftet er best rusta til nybygg og at ein kombinasjon truleg vil vere det beste for å sikre arbeidsplassar i distriktet vårt. Men bankane stiller høge eigenkapitalkrav, så nybygg vert vanskeleg å få kapital til.
Det er heldigvis bevegelse i markedet, men verftsnæringa treng drahjelp for å kunne opprettholde viktige arbeidsplassar og ei viktig næring gjennom ein pandemi.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Regjeringa har i 2020 kome med tiltak for å hjelpe norsk næringsliv generelt, og verftsindustrien og anna maritim næring spesielt, som følge av koronasituasjonen. Det har blitt vedteke ei verftspakke, som består av oppgradering, bygging og vedlikehald av fartøy for Havforskningsinstituttet, Norges Geologiske Undersøkelser (NGU), Fiskeridirektoratet og Sjøforsvaret. Verdien av pakka er på 744 mill. kroner i perioden 2020-2024. Regjeringa vil innan utgangen av 2020 sette i gang arbeidet med ei konseptvalutgreiing for å klargjere behov og krav til ny standard fartøyklasse i Sjøforsvaret. Ny standard fartøyklasse kan vere aktuell for erstatning av 10-15 fartøy i strukturen til Sjøforsvaret.
I tråd med budsjettavtala mellom regjeringspartia og Framstegspartiet for 2021 vil regjeringa legge til grunn at norsk språk i utgangspunktet vert brukt ved planlagde statlege investeringar eller vedlikehald i maritim sektor som skal ut i marknaden i 2021, men vurdere om det er naudsynt å opne for engelsk i visse tilfelle. Dette kan styrke norsk verftsindustri sin konkurranseposisjon når det gjelder desse prosjekta.
Det har også blitt vedteke ei grøn skipsfartspakke. Pakka består av blant anna av ei styrking av Norges forskningsråd sin innsats knytta til grøn skipsfart, der det er tildelt 60 mill. kroner i 2020 til fem maritime prosjekt, ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart, og ei låne- og finansieringsordning for fornying av nærskipfartsflåten og fiskefartøy. Desse ordningane er retta mot reiarlag som skal gjere investeringar i skip. Investeringane vil komme konkurransedyktig norsk maritim næring til gode. Det er allereie gitt 112 mill. kroner i lån og tilskot til fem prosjekt. Desse har eit betydeleg bidrag frå norske maritime utstyrs- og tenesteleverandørar. I tråd med budsjettavtala mellom regjeringspartia og Framstegspartiet for 2021 vert det foreslått å utvide kondemneringsordninga for skip i nærskipsfart til også å omfatte offshorefartøy og det vert foreslått 150 mill. kroner ekstra til ordninga i 2021.
I tråd med budsjettavtala mellom regjeringspartia og Framstegspartiet for 2021 foreslår regjeringa å utvide byggjelånsgarantiordninga til å inkludere forskotsgarantiar. Forskotsgarantiar kan bidra til at fleire lønnsame prosjekt vert gjennomførte, bidra til å styrke verfta sin likviditet og avlaste bankane si ramme.
I 2018 oppretta regjeringa det midlertidige skipsfinansieringstilbodet. Ordninga skal bidra til at reiarar i Noreg får finansiering på marknadsmessige vilkår når dei bygger skip ved norske verft. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2021 foreslått å vidareføre skipsfinanseringstilbodet i 2021.
Regjeringa har også foreslått ei ny kompensasjonsordning for utgifter til innreisekarantene ved bruk av arbeidskraft frå utlandet. Det vert foreslått at ordninga skal gjelde i perioden 1. november 2020 til 28. februar 2021.
Verftsindustrien drar også nytte av dei generelle tiltaka, som den utvida permitteringsperioden, lånegarantiordningar og utsette og nedsette skattar og avgifter.
Regjeringa følger verftsnæringa nøye, og er lydhøyr for innspel. Det er framleis krevjande ved fleire verft og hos utstyrsleverandørar. Regjeringa vil derfor gjennomføre ein studie av den økonomiske og konkurransemessige situasjonen for norsk verftsnæring. Dette vil gi betre kunnskap om situasjonen til verftsnæringa og eit betre grunnlag for politikkutforminga.