Jenny Klinge (Sp): Kva er rekna som jordskifterettane si kjerneverksemd og skal talet på tilsette i jordskifterettane, både dommarar, ingeniørar og saksbehandlerar også oppretthaldast som i dag?
Begrunnelse
I det nylege budsjettet for domstolane i 2021 har fleire jordskifterettar fått redusert budsjett og bevilling mellom anna til ingeniørstillingar. I Fjordabladet den 9. desember skriv mellom anna Venstre si ordførar Alfred Bjørlo og Stortingsrepresentant Terje Breivik: «Stortinget har også skjerpa inn at bemanninga av rettsstatar i distrikta med fire dommarårsverk eller mindre (slik som på Nordfjordeid), skal haldast opp på minst same nivå som i dag». Drygt ei veke seinare fekk jordskifteretten på Nordfjordeid eit budsjett for 2021 som gjer at dei berre får løn til ei ingeniørstilling i eit halvår – det vil seie at frå sumaren 2021 mistar Nordfjordeid halve ingeniørkapasiteten og 20 prosent av dei tilsette med det budsjettet som er vedteke.