Skriftlig spørsmål fra Elise Waagen (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:861 (2020-2021)
Innlevert: 05.01.2021
Sendt: 06.01.2021
Besvart: 12.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Elise Waagen (A)

Spørsmål

Elise Waagen (A): Hvordan mener statsråden at prosessen skal være ved flytting av ulv, og mener statsråden lokale myndigheter og lokalsamfunn skal ha mulighet til å komme med tilbakemeldinger?

Begrunnelse

Sarpsborg Arbeiderblad formidler at Statens naturoppsyn flyttet søndag Elgå-ulven fra Deisjø-reviret ved Femunden til et område som omfatter Sarpsborg og Våler. Først ved 18-tiden søndag kveld ble kommunen informert om at det skulle slippes et ulvepar i dette området. Kommunen har ikke blitt informert eller inkludert i prosessen, og har med dette ikke fått anledning til å målbære innvendinger, råd og innspill. I denne saken er lokalsamfunn og kommune overkjørt av staten uten er en reell prosess.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Bakgrunnen for denne saka er at Stortinget 7. desember 2020 vedtok at det skulle opnast for lisensfelling i eit område utanfor ulvesona, i tidlegare Hedmark fylke, kor nemndene i region 4 (Oslo, tidlegare Østfold og tidlegare Akershus fylker) og 5 (tidlegare Hedmark fylke) og Klima- og miljødepartementet ikkje hadde opna for lisensfelling på streifande ulvar. Grunnen til at det ikkje var opna i dette området, var eit ynske om å skjerme den genetisk verdifulle ulven i Deisjø-paret. Som kjent er den genetiske situasjonen for ulvebestanden i Sør-Skandinavia svært alvorleg. Det er derfor nødvendig å ta vare på genetisk verdifulle individ, slik som den finsk/russiske innvandra hannulven i Deisjø-paret. Vidare er det heilt avgjerande, for å betre innavlsgraden i ulvebestanden i Sør-Skandinavia, at slike individ får avkom som igjen får avkom. For å følgje Stortinget si vilje vedtok Klima- og miljødepartementet at det skulle opnast for lisensfelling i det aktuelle området, men fyrst etter at paret hadde vorte flytta. Departementet bestemte at paret skulle flyttast for å skjerme dei frå felling.
Ulveparet vart bedøva, merka, og flytta 3. januar. Same dag vart det opna for lisensfelling av streifulv i alle delar av tidlegare Hedmark fylke utanfor ulvesona, i tråd med Stortinget si vilje. Paret vart flytta til eit område innanfor ulvesona. Innanfor ulvesona må det påreknast at ulvar kan etablere seg. Slik Stortinget har bestemt, skal ulvar ha prioritet i ulvesona. Her skal for eksempel beitenæringa gjere tilpassingar om det finns ulv i området. I tilfelle der det er nødvendig med forebyggande tiltak for å unngå skadar, er det mogeleg å søke om tilskot til slike tiltak. Vidare finns det ei eiga ordning for tilskot til kommunar med ulverevir. Årleg blir om lag 20 millionar kroner fordelt etter søknad til kommunar med ulverevir.
Flytting av store rovdyr, inkludert ulv, er både risikofylte og kompliserte oppdrag. Omsynet til ulvane som vart flytta var heilt avgjerande. Det var mellom anna svært viktig at det var ro på sleppstaden. Vi ønskjer ikkje at nysgjerrige skal oppsøkje området der ulvane blir slopne ut. Det er også slik at slike kompliserte oppdrag ikkje nødvendigvis kan tidfestast eksakt på førehand, fordi ein ikkje veit om ein vil lukkast. Dette var tilfelle i denne saka, kor ikkje minst veret gjorde at det tok lang tid frå ein starta arbeidet til en faktisk klarte å flytte ulvane. Ein konsekvens av dette er at val av sleppstad kan bli endra undervegs i arbeidet fordi ein samtidig gjer fortløpande kartleggingar av ulv i ulike område. Det er mellom anna slik at eit ulvepar ikkje bør bli sleppt i eit allereie okkupert revirområde, fordi ulv vil forsvare reviret sitt mot inntrengarar.
Eg vil også understreke at både kommunen og grunneigar vart varsla på e-post om flyttinga om kvelden 3. januar. Eg meiner vi så langt råd er bør informere lokale myndigheiter og grunneigarar. Gitt omstenda i denne situasjonen meiner eg dette vart handsama på ein god måte av forvaltninga. Eg vil samstundes vurdere om vi kan gjere noko annleis dersom vi igjen står oppe i ein liknande situasjon. Lokale myndigheiter og lokalsamfunn sine attendemeldingar er difor viktige, og eg tek med meg innspela deira i denne vurderinga.
Flytting av rovdyr er eit tiltak som berre har vært aktuelt i heilt særskilte tilfelle. Slik vil det også være i framtida.
Eg vil til sist vise til at erfaring frå tidlegare flyttingar av ulv har vist at dei kan vandre noko etter å ha vorte slopne fri. Det er difor ei mogelegheit for at ulvane ikkje slår seg ned i det området dei er flytta til.