Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:879 (2020-2021)
Innlevert: 07.01.2021
Sendt: 07.01.2021
Besvart: 13.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Er statsråden kjent med at det er gjort ulveobservasjoner i området, og hvorfor ble ikke lokal viltforvaltning spurt om råd før Deisjø-paret ble utplassert i området mellom Sarpsborg og Våler kommuner?

Begrunnelse

Viser til brev med svar fra statsråden datert 6. januar på skriftlig spørsmål 838 om hvilke vurderinger som ligger bak plasseringen av Deisjø-paret til Våler og Sarpsborg kommuner, og hvordan er hensynet til prinsippet om byrdefordeling vurdert.
I svaret skriver statsråden:

"Her finn vi det største området utan kjente revir for ulv frå førre vinter. Det er store skogsområde her, og det er god avstand til reviret dei er flytta frå. Forvaltninga har per i dag ingen kunnskap om andre revirmarkerande par i dette området."

Berørte kommuner, lokale grunneiere og folk som er aktive brukere av naturen i området hevder at dette ikke stemmer. Tvert om er det gjort mange observasjoner av ulv i området de siste seks månedene.
Etter hva jeg er gjort kjent med mener man også at det er registrert revirmarkering. Dette skal ha blitt undersøkt av SNO og konstatert at det er ulv.
Senest denne uken er det sett ulv uten halsbånd bare steinkast fra utsettingsområdet. Dette dyret er fanget opp av viltkamera og observert av flere.
Ifølge Rovdata har ulvene i Skandinavia en reviromkrets på inntil 2 000 km². Gamle Østfold fylke inkludert Rømskog var på drøyt 4 100 km² alene. I dette området bor det nær 300 000 innbyggere fordelt på seks byer og en rekke tettsteder og lokalsamfunn. Samtidig hevder statsråden at området for utplassering ble valgt fordi " Det er store skogsområde her".

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Observasjonar av ulv blir jamleg meldt inn til Statens naturoppsyn frå ulike delar av landet, og det er også meldt inn nokre tilfelle i nærleiken av der ulveparet vart flytta til. I forkant av flyttinga har forvaltninga brukt informasjon samla inn av lokale rovviltkontaktar i området. I perioden etter 1. oktober i fjor er det i Rovbase meldt inn to enkeltobservasjonar av ulv som er bekrefta av Statens naturoppsyn i det aktuelle området. At enkeltindivid av ulv kan vandre både gjennom ulvesona og andre delar av landet er naturleg.
Det er ikkje gjort observasjonar som tyder på at det er revirmarkerande ulvepar eller ulveflokkar i det aktuelle området Deisjø-paret vart flytta til. Intensjonen med flyttinga har sjølvsagt vore at ulvane skulle takast vare på. Fordi revirmarkerande ulvar vil forsvare sitt revir mot inntrengarar, var det derfor viktig at dei ikkje vart sleppt fri i eit område der ulvepar eller flokkar var etablert frå før. Hadde det vore teikn til ulvepar eller flokkar ville ein ikkje ha sleppt Deisjø-paret fri i dette området. Eg vil også nemne at erfaring frå tidlegare flyttingar av ulv har vist at dei kan vandre noko etter å ha vorte slopne fri. Det er derfor mogeleg at ulvane ikkje slår seg ned i det området dei er flytta til.
Flytting av store rovdyr er både risikofylt og komplisert. Under dette oppdraget var omsynet til ulvane si overleving heilt avgjerande, og det var svært viktig at det var ro på sleppstaden. Slike oppdrag kan ikkje nødvendigvis tidfestast eksakt på førehand, og val av sleppstad kan bli endra undervegs. Eg meiner vi så langt råd er skal informere lokale myndigheiter og grunneigarar når slike oppdrag som dette skal gjennomførast. Gitt omstenda i denne saka meiner eg dette vart handsama på ein god måte av forvaltninga. Eg vil samtidig vurdere om vi kan gjere noko annleis dersom vi igjen står oppe i ein liknande situasjon.
Eg meiner at forvaltninga har hatt god oversikt over registrerte observasjonar av ulv før flytting vart gjennomført. Eg vil elles understreke at det er viktig at lokalbefolkninga melder frå til Statens naturoppsyn eller Rovdata om dei har informasjon om observasjonar av ulv. Dette gjeld sjølvsagt også lokal viltforvaltning. Dette er viktige bidrag til overvakinga av arten.