Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:914 (2020-2021)
Innlevert: 11.01.2021
Sendt: 12.01.2021
Besvart: 19.01.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kor mange samband er med i rutekjøpordningen med kortare reisetid til naboflyplassen Stord, og vil statsråden gjera ein fornya vurdering av å oppfølge stortinget sin merknad?

Begrunnelse

Transportkomiteen hadde slik samrøystes merknad i Innst. 13 S (2020–2021)
Komiteen påpeker at flyruten Stord–Oslo–Stord er en av få flyruter i Norge som ikke ble inkludert i statens nødkjøp av flyruter da Norge ble rammet av covid-19. Komiteen påpeker at flyruten Stord–Oslo–Stord bør være med i vurderingen når staten skal kjøpe flyruter i 2021.
Dette var og omtalt i budsjettenigheten mellom FrP og regjeringspartiene.
I debatten i Stortinget sa statsråden:

«Og ja, dette er den flyplassen eg kan sjå frå stova mi heime på Bømlo, men eg veit jo òg at ein kan køyre frå Stord til Haugesund lufthamn på under ein time, der det er eit svært godt tilbod, og der me har gått inn med ekstra flykjøp. Ein kan òg reise frå Stord til Flesland flyplass og nytte eit tilbod derifrå.
Så eg må nok seie at tilbodet i nord og på Vestlandet har vore endå viktigare å prioritere.»

Statsråden er og ansvarleg for trygg trafikk så eg skal ikkje utfordre han på å kjøre fra Stord til flyplassen på Karmøy på under ein time, men nøyar meg med å henvise til at berekna kjøretid frå flyplassen på Stord til Karmøy er 1,17 minutt. Dette er lengre enn avstanden mellom Førde og Florø og Svolvær og Leknes sine flyplassar.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Av lufthamnene som blir trafikkert i det såkalla minstetilbodet har Molde, Kristiansund, Vadsø og Florø kortare reisetid til naboflyplass enn Stord lufthamn.
Nemnde lufthamner skil seg frå tilfellet Stord lufthamn ved at dei er lokalisert i større befolkningssentra, eller at begge lufthamnene er regionale lufthamner med eit avgrensa rutetilbod. Samferdselsdepartementet si vurdering per i dag er at flytransportbehovet i Sunnhordland er dekka gjennom flyrutetilbodet som finst ved Haugesund Lufthamn Karmøy. I ei periode med lågare etterspurnad må ein også akseptere eit redusert tilbod.
Samferdselsdepartementet vurderer fortløpande kva for flyruter som skal vere inkludert i minstetilbodet.