Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:918 (2020-2021)
Innlevert: 12.01.2021
Sendt: 13.01.2021
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 20.01.2021 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kvifor nektar regjeringa å delta i forhandlingar med EU om import av landbruksvarer saman med Island, og meiner regjeringa at denne importen er balansert i høve Noreg sin eksport av landbruksvarer til EU?

Begrunnelse

Den islandske regjeringa vil kutte i importen av landbruksvarer frå EU og krev nye forhandlingar etter Brexit. Island meiner at tollavtalen bryt med EØS-avtalen. Sjølv om landbruk ikkje er ein del av EØS-avtalen seier avtalen at fjerning av handelshinder i høve landbruksvarer skal skje på «gjensidig fordelaktig basis». På same vis som Island importerer Noreg store mengder landbruksprodukt frå EU medan eksporten er minimal.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: Det er nyttig innleiingsvis å slå fast at forhandlingar etter Artikkel 19 i EØS-avtalen alltid går føre seg tosidig, dvs. t.d. mellom EU og Island eller mellom EU og Noreg. Det er slik sett ikkje eit alternativ å forhandle saman med Island slik representanten Navarsete gjer framlegg om.
Island ber formelt heller ikkje om forhandlingar med EU. Dei ber om konsultasjonar i samsvar med siste brevvekslingsavtale etter Artikkel 19 mellom EU og Island på grunn av låg utnytting av dei islandske eksportkvotene.
Vi har også ein tilsvarande paragraf i vår siste brevvekslingsavtale med EU der det i paragraf 13 heiter:

"Dersom en av partene anmoder om det, skal det holdes konsultasjoner om ethvert spørsmål som gjelder gjennomføringen av resultatene av disse forhandlingene. Dersom det oppstår vanskeligheter i gjennomføringen av disse resultatene, skal det holdes konsultasjoner så snart som mulig med sikte på å få vedtatt egnede korrigerende tiltak."

Det har ikkje skjedd endringar i norsk utnytting av eksportkvotene til EU som tilseier at Noreg tilsvarande bør be om konsultasjonar. Slike konsultasjonar kan fort ende opp med at EU krev ein ny forhandlingsrunde om Artikkel 19, noko Noreg ikkje vil vere tent med.
Artikkel 19-avtalane frå 2003, 2012 og 2018 har ikkje vore balanserte i snever forstand. Dei har likevel vore sett på som gjensidig fordelaktige og sett på som ein del av den totale balansen innanfor EØS-avtalen. Konsesjonane til EU innanfor dei tre avtalane, vart i stor grad gitt på produkt som likevel ville blitt importert, til dømes innsatsvarer til industrien.
Alle Artikkel 19-avtalar er forhandla fram med EU, ikkje med enkeltmedlemer i EU. Når Storbritannia går ut av EU får dei ikkje med seg deler av norske landbrukskvoter avtalt med EU. Å be om forhandlingar med EU på dette grunnlaget manglar eit rettsleg grunnlag.