Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:922 (2020-2021)
Innlevert: 12.01.2021
Sendt: 13.01.2021
Besvart: 19.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Erkjenner statsråden at dagens tellemåte medfører en betydelig underregistrering av antall individer av ulv, og hvordan vil statsråden bidra til å sikre en bedre registrering av reelt antall ulv i fremtiden?

Begrunnelse

I forbindelse med vinterens lisensfelling av ulv har kvota blitt økt i takt med at man har registrert nye individer ved hjelp av sporsnø.
I Aurskog-reviret ble det i utgangspunktet gitt tillatelse til å felle to dyr, men har blitt økt forløpende og er per i dag på sju individer.
For Kynna-reviret er tendensen den samme. Kvota har blitt økt fra opprinnelig åtte til elleve individ.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg vil fyrst understreke at Noreg har eit av dei aller beste systema for overvaking av rovvilt i verda. Sidan ulven kom attende til Sør-Skandinavia på 1980-talet har vi fått fram eit meir eller mindre heilt slektstre for alle dei individa som vi har funne DNA frå. Rovdata står sentralt i dette arbeidet. Sidan 2010 er det Rovdata som har hatt ansvaret med å gjennomføre overvakinga av rovviltet i Noreg. Det er òg etablert eit fagråd, kor det sit fagpersonar med mellom anna god kompetanse innan zoologi og økologi, som skal hjelpe Rovdata med å utvikle dei beste overvakingsmetodane.
Bestandsstorleik, utbreiing og bestandsutvikling for ulvebestanden i Skandinavia vert hovudsakeleg overvaka ved å kartlegge talet på familiegrupper av ulv, revirmarkerende par og enkeltdyr i registreringsperioden frå 1. oktober til 31. mars. Det er gjennom vinteren, når det er sporsnø, at vi får mest mogeleg nøyaktig kunnskap om kor mange ulvar det er i Noreg. Ein rapport frå denne kartlegginga vert lagt fram av Rovdata i juni kvart år. Denne rapporten viser kor mange ynglingar og ulvar som er registrert gjennom registreringsperioden. Same våren som rapporten kjem, er det allereie født nye kvalpekull. Nokon dør og andre vandrar ut av Noreg til Sverige og motsett. Kor mange ungekull som for eksempel vart født i 2020, og talet på individ i kvart enkelt revir, får vi vite når det blir gjennomført nye teljingar og registreringar denne vinteren.
Det går fram av den førebelse rapporten om talet på ulv i Noreg 2020/2021 at det fram til den 10. desember 2020 var registrert 6-8 individ av ulv i Kynna-reviret og 2-? individ i Aurskog- reviret. Og som det går fram av rapporten, har det i perioden frå 1. oktober til 10. desember vore lite snø og dermed dårleg sporsnø. Kor mykje snø det er kan verken eg eller andre gjere noko med. Det vil difor kunne oppstå situasjonar, slik som no i år, der vi ikkje har full kontroll på kor mange individ det er i dei revira som vi gjev løyve til å felle gjennom lisensfellinga innanfor ulvesona. Det er først gjennom registreringa vinteren igjennom at vi får full oversikt over kor mange ungekull som har vore født sumaren før og kor mange kvalpar og vaksne individ det er i kvart revir eller i kvar familiegruppe.
Til slutt vil eg understreke at sjølv om Noreg har eitt av dei beste overvakingsprogramma i verda, er eg trygg på at Rovdata heile tida vurderer om dei metodane dei bruker kan bli betre.