Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:971 (2020-2021) Innlevert: 16.01.2021 Sendt: 18.01.2021 Besvart: 26.01.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide
Geir Pollestad (Sp): Korleis vil statsråden sikre at det varsla kjøpet av flyruter I Noreg, på om lag 1,4 mrd. kr, ikkje vert eit lokketilbod for utanlandske flyselskap som vil inn på den norske marknaden?
Knut Arild Hareide: Regjeringa har under pandemien vore oppteken av å sikre eit minstetilbod av flyruter i heile Noreg. Sidan mars 2020 har dette skjedd ved statleg kjøp av flyrutetenester på enkelte tidlegare kommersielle rutestrekningar (minstetilbodskjøpet), og ved meirkompensasjon til gjeldande kjøpsruter (FOT). Målsetjinga med minstetilbodskjøpet er å sikre samfunnskritisk transportbehov på ruter som i ein normalsituasjon blir drive kommersielt. Minstetilbodskjøpet gjeld enkelte, utvalde ruter og er berre kortsiktig fram til marknadsforholda igjen opnar for drift på bedriftsøkonomiske vilkår. Sidan virusutbrotet medførte raskt og omfattande fall i etterspørselen etter flyreiser, var det i starten nødvendig med raske tiltak for å sikre samfunnskritiske funksjonar. For å vareta dette behovet, blei det gjennomført direkte kjøp frå SAS, Norwegian og Widerøe etter forhandlingar. Vi er no ikkje lenger i ein situasjon der hast og midlertidigheit godt kan underbyggje framleis direktetildeling av minstetilbodskontraktane, utan konkurranseutsetjing. Samferdselsdepartementet lyste derfor den 13. januar 2021 ut ein konkurranse om minstetilbodskjøp, med kontraktsoppstart 1. mars 2021. At statlege flyrutekjøp skal konkurranseutsetjast er normalsituasjonen, og er i samsvar med ønsket om effektiv ressursbruk og forpliktingane våre etter EØS-avtalen. Når offentlege kontraktar blir konkurranseutsette er potensialet alltid til stades for at utanlandske leverandørar kan gjeve tilbod og vinne kontraktar. Kontaktane som no er lyst ut, har ei avgrensa lengd på to månader (med moglegheit for ei forlenging på inntil to månader), og gjeld 18 ruter som normalt er kommersielt drivne. Kontraktane i seg sjølv gir dermed ingen langvarige leveringsmoglegheiter for flyrutetenester i Noreg. Det vert ikkje gjeve einerett på rutene. Det vil seie at ein annan operatør vil kunne fortsetje eller starte opp å fly på strekninga, sjølv om den er ein del av dette minstetilbodskjøpet. Konkurransen er også lagd opp slik at kontraktane blir fordelte mellom 9 stamruter og 9 regionale ruter. Dersom det er fleire enn ein tilbydar på stamrutene vil dei aktuelle rutene fordelast på fleire operatørar. Så lenge det er fleire enn ein tilbydar i konkurransen vil dermed ingen operatør kunne bli tildelt alle desse rutene.I konkurransen er det elles stilt fleire krav som skal gi passasjerane eit godt og nødvendig rutetilbod. På dei fleste av rutene er krava ein dagleg morgonavgang i kvar retning og ein dagleg kveldsavgang i kvar retning, seks dagar per veke. Det blir stilt krav til moglegheit for gjennomgåande billettering og bagasjehandtering, og at barn over 5 år skal kunne reise aleine. Det blir også stilt krav om at operatørane sørgjer for at grunnleggjande fagforeiningsrettar og retten til kollektive forhandlingar, slik det følgjer av bl.a. ILO-konvensjon nr. 87 og 98, varetas i eige verksemd og for eventuelle underleverandørar. Bruk av innleie av fly og personell (såkalla wet-lease) kan også berre unnataksvis nyttast etter godkjenning frå departementet.