Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1048 (2020-2021)
Innlevert: 22.01.2021
Sendt: 25.01.2021
Besvart: 29.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Kan statsråden legge fram en oversikt over hvor mange forvaltnings- og oppsynsstillinger det er i de ulike nasjonalparkene og landskapsvernområdene i Norge, og hvilke økonomiske ressurser de enkelte nasjonalparkene og landskapsvernområdene har fått årlig de siste fem årene?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Vedlagt er ein oversikt over forvaltarstillingar, stillingar i Statens naturoppsyn (SNO), midlar til drift i dei store verneområda, prosessmidlar og midlar til tiltak i verneområda i perioden 2017-2020. Drift av styra omfattar møte, reiser og liknande. Prosessmidlane blir nytta til utarbeiding av forvaltningsplanar, nettsider og liknande. Oversikten syner tildelingar gjort i starten av kvart år, og fangar ikkje opp om midla blir disponert noko annleis gjennom året og eventuelt mindreforbruk det enkelte år.
I tillegg er det i 2020 tildelt til saman 4,5 mill. kr til uttak av framande treslag der det har vore prioritert. Desse midlane blei fordelt i ein separat prosess.
Fordeling av tildelinga i 2021 til styrane vil formelt skje i starten av februar. Det ligg an til ein samla tildeling på kr 13 600 000,- til drift, kr 7 105 000,- til prosessmidlar og kr 43 455 000,- til tiltak i desse store verneområda.
SNO er ansvarleg for oppsynet i alle nasjonalparkar. I nokre område gjer SNO det praktiske arbeidet i ein kombinasjon med eige personell og tenestekjøp frå fjellstyre, Statskog Fjelltjenesten eller andre aktørar. Nasjonalparkoppsynet utgjer i varierande grad tyngdepunktet i porteføljen for det einskilde oppsyn. For dei 33 stillingane som er vist i vedlagte oversikt, utgjer nasjonalparkoppsynet og arbeid i tilgrensande verneområde, ein vesentleg del av porteføljen. Mange av SNO sine andre fagoppdrag, som til dømes oppfølging av nasjonale overvakingsprogram, rovvilt-, villrein- og anna faunarelatert arbeid, skjer òg i nasjonalparkar og andre verneområde. SNO er derfor samla sett meir til stades i det einskilde verneområde enn kva som er direkte knytt til nasjonalparkoppsynet.

Vedlegg i xl-format