Geir Pollestad (Sp): Korleis forstår regjeringa den todelte målsettinga i rovviltpolitikken og vil landbruks- og matministeren ta eit initiativ til ei evaluering av korleis målsettinga i praksis er fulgt opp innanfor både landbruks- og rovviltforvaltninga?
Begrunnelse
Det er grunnleggjande at rovviltpolitikken skal ta omsyn til at ein både sikrar rovvilt samstundes som ein legg til rette for matproduksjon og beitebruk.
Ei god balansering av dei to sidene i den todelte målsettinga er ein føresetnad for å sikre bruk av beiteareal, men også livskvaliteten til folk på bygda.
Mange opplever at verneomsyna stadig vinn over omsynet til både landbruksdrift og livskvalitet på bygda. Den todelte målsettinga må vera meir enn ei innhaldslaus honnørsetning som ein nytter i alle saker om rovviltpolitikken.
Ei evaluering vil gje kunnskap om korleis utviklinga har vore på dette feltet og om omsynet til beitenæring og bygdesamfunn i særleg stor grad vert lagt til grunn når ein tek avgjerder i saker som gjeld rovdyr.
Det er eit sjølvstendig poeng at dette spørsmålet er retta mot landbruks- og matministeren som har eit særleg ansvaret for å ta ivare landbruket sine interesser.