Aud Hove (Sp): Helsedirektoratet sitt kosthaldsråd er å spise mange ulike matvarer for å få i deg alle næringsstoffa kroppen din treng. Matjungelen, som regjeringa peiker på i klimameldinga, skal vidareutvikle oppskrifter og informasjon retta mot våre barn og unge for å etablere gode vanar. Dei har ein meny fri for kjøt.
Meiner statsråden det er rett at barnehagar og skular slik vert arena for kjøtskam ved å oppmoda barn og ungdom til eit kjøtfritt kosthald, og korleis har da regjeringa tenkt å legge om norsk jordbruk til å bli kjøtfritt?
Begrunnelse
Korleis vi utviklar samfunnet vårt er viktig for våre barn og unge si framtid. Barnehage og skule er ein viktig arena for kunnskap, refleksjon og det å lære å ta gode val. Dette er også tema i Klimaplanen med eit eige avsnitt med innsatsområde for barn og unge.
I Klimaplanen skriv også regjeringa at dei ynskjer å føre ein ambisiøs klimapolitikk som gjer at vi innfrir klimamåla samstundes som vi legg til rette for fleire jobbar, styrka velferd og berekraftig vekst i norsk økonomi. Verdiskaping er ein føresetnad. Regjeringa og jordbruket har inngått ei avtale om å redusere utsleppa og auke opptaket av klimagassar i jordbrukssektoren. I avtalen står det at det er fire hovudmål for jordbrukspolitikken; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Når ein les intensjonsavtala mellom jordbruket og regjeringa om reduserte klimagassutslepp står det ingenting der om å ha eit kjøtfritt jordbruk.