Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1054 (2020-2021)
Innlevert: 24.01.2021
Sendt: 25.01.2021
Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren
Besvart: 29.01.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Vil statsråden sjekke kven som er ansvarleg for trigpunkta i naturen og ta initiativ til at nokon set i gang eit arbeid for å få dei mest skjemmande og farlege restane etter desse fjerna?

Begrunnelse

Statens Kartverk, i kortversjon Kartverket, sette i løpet av 1950- og -60-tallet opp geometriske punkt på fjelltoppar og høgdedrag i landet. Desse vart sett opp med tanke på kartkonstruksjonar og landmålingsoppdrag. Koordinatane til desse ligg lagra hos Kartverket. Fastpunktet er ein bolt i fjellet, og merkinga av punkta er eit kvitmåla trekors bardunert i fjell. Dette for at dei skulle være synlege ved flyfotografering. Merkinga har for lengst gjort si nytte, og det er ruinane etter dette som no skapar problem.
Desse såkalla trig-punkt i naturen har altså gått ut av bruk, men wirane, strengen og ein treinstallasjonen er likevel enno til stades dei fleste stadene. Eg har fått eit engasjert innspel frå ein nordmøring som meiner dette utstyret bør fjernast, ikkje berre for det estetiske sin del, men også fordi utstyret utgjer ein fare for dyr og fuglar. Han har sjølv funne ein død rein som hadde vikla hornet inn i strengen ved eit slikt trig-punkt, og ein annan stad også ein død sau som hadde gått seg fast i strengen.
Eg meiner dette er eit veldig godt innspel fordi det for det første handlar om å unngå at dyr lir. For det andre er dette snakk om stader i naturen som folk gjerne går til for å få ei god oppleving, ikkje for å sjå høgst synlege, langtidshaldbare og mange stader rotete restar av ein installasjon som ikkje lenger er i bruk.
Det er slik eg ser det ikkje nødvendig å fjerne boltane som utstyret er festa til, men det ville vore veldig positivt om nokon tok initiativ til at resten – strengen, wiren og treinstallasjonane – blir fjerna. Det er vanskeleg å sjå for seg at løna folk skal gjera dette, men eg er viss på at det finst fjellglade folk og organisasjonar eller velforeiningar rundt om i landet som kan bidra dersom kommunane eller andre aktørar initierer dette. Nokon må halde nødvendig verktøy og sørgje for deponi, men dette får bli opp til statsråden i samråd med aktuelle aktørar å finne ut av. Eg oppmodar statsråden til å sjå bilete av slike trig-punkt på nett dersom han er usikker på kva eg meiner. Trig-punkta vart i si tid monterte av ein statleg etat, og ein bør kunne forlange at staten også ryddar etter seg – eller sørgjer for at det blir opprydda.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Spørsmålet blei først stila til klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Etter avklaring med Stortinget er det eg, som ansvarleg for statens kart- og geodatapolitikk, som svarer.
Framfor alt vil eg få takke for spørsmålet og initiativet som ligg bak.
All kartlegging, oppmåling og anna bruk av geografiske koordinatar er avhengig av eit felles geodetisk grunnlag. Nasjonalt har det i snart 250 år vore ei stor oppgåve å etablere eit slikt grunnlag i form av faste punkt over heile landet. Eldre målemetodar kravde korte avstandar og sikt mellom punkta. Fram til om lag 1990 blei det derfor bygd opp eit trigonometrisk bestemt fastmerkenett av vel 50 000 punkt (ofte omtala som trig-punkt). I tillegg er det etablert minst ein million lokale fastmerke av kommunane og andre. Sjølve fastmerket er som oftast ein bolt eller eit anna merke av metall, og skal ikkje vere til hinder for nokon.
Om lag 24 000 punkt i det nasjonale grunnlaget blei markert med bardunerte tresignal for at dei skulle vere godt synlege under arbeidet. I mange tilfelle var det bruk for signalet også etter at punktet var ferdig etablert. Signalet blei da gjerne ståande. Andre tresignal blei også brukt. I nokre tilfelle blei det bygd permanente vardar av stein. Fram til 1977 dekte kommunane i dei fleste tilfella kostnadane med å byggje signala. Det var opp til kommunen å avgjere om signalet skulle haldast ved like eller takast ned. Etter 1977 tok staten ved fylkeskartkontora over ansvaret for signalbygginga og dermed også ansvaret for signala. I dag ligg det statlege ansvaret til Kartverket. I nokre tilfelle kan det ha blitt avtalt meir eller mindre formelt at kommunen skulle stå for vedlikehaldet.
Med nye satellittbaserte målemetodar er det berre unntaksvis bruk for slike bardunerte tresignal. Dei som ikkje blir tatt ned og rydda bort, blir øydelagt med tida. Tremateriala rotnar opp, men stålstrengane etter bardunane blir søppel som kan vere farleg for folk og dyr. Sjølve fastmerket har som regel ein varig verdi og kan ikkje fjernast utan løyve frå kommunen eller Kartverket. Mange punkt, særleg dei som er markerte med vardar, kan også måtte reknast som kulturminne. Det er forslag om å verne om lag 40 slike plassar som ledd i den statlege verneplanen for Kartverket.
Eg har sendt spørsmålet om behov for opprydding til Kartverket.
Kartverket er samd i at det er behov for å rydde opp mange plassar der det har stått bardunsignal som ikkje lenger er i bruk. Kartverket vil ta initiativ for å starte eit slikt arbeide. Dette er første gongen Kartverket blir gjort kjend med at bardunrestar har leia til dyretragediar.
Som følgje av det høge talet signal som er bygd, og at mange av punkta ligg på fjelltoppar og andre avsidesliggjande plassar, vil ei opprydding krevje innsats over mange år. Kartverket vil søke samarbeid med kommunar og andre aktørar for å få betre oversyn over omfanget, og foreslå tiltak.
Eg støttar ei slik tilnærming.