Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1055 (2020-2021)
Innlevert: 24.01.2021
Sendt: 25.01.2021
Besvart: 29.01.2021 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Vil regjeringa sørgje for at alle domstolleiarar som no mistar leiarfunksjonen ved domstolen sin i samband med domstolreforma, uansett om den er stor eller liten, kan ha like moglegheiter til å søkje på stillingane som domstolleiar ved dei nye, samanslåtte domstolane, eller meiner statsråden at det skal vera forskjell på domstolleiarane sine sjansar til å få ei leiarstilling framover?

Begrunnelse

I haust kom regjeringa med mange nye lovnader knytt til domstolreforma, mellom anna om at alle rettsstadene skulle vera likestilte. Statsråden lovte at det ikkje skulle finnast noko hovudsete der domstolleiaren hadde fast tilhald, men vedkomande skal reise rundt til alle rettstadene i rettskretsen. DA går no ut med at ikkje alle stillingane som leiarar i dei nye, samanslåtte domstolane skal utlysast, fordi somme ved dei største tingrettane i krinsen skal kunne halde fram som domstolleiar viss «lederen fortsatt kjenner igjen stillingen sin», jamfør denne artikkelen i Rett24:
https://rett24.no/articles/lordag-1.mai-er-datoen-domstols-norge-endres
Dersom statsråden sin lovnad om omreisande domstolleiarar skal oppfyllast, vil ikkje DA finne domstolleiarar som kjenner att stillinga si i ein slik grad at det er naturleg å overføre leiarfunksjonen for dei nye, samanslåtte domstolane uten utlysing til somme domstolleiarar. Og uavhengig av om dei kjenner att stillingane sine, er det viktig å sørgje for ein prosess som alle domstolleiarane kjenner er rettferdig. Å lyse ut slik at alle har høve til å søkje er langt meir rettferdig enn å gi somme av dei nye stillingane til dei som allereie leier dei største domstolane. Det er også ein annan dimensjon ved dette, og det er at ein kan ende med å sitje att nesten utelukkande med domstolleiarar som var positive til samanslåingane, medan dei kritiske røystene blir fråtekne den plattformen for deltaking i offentleg debatt og øvrig påverknad som ein domstolleiarfunksjon gir. Dette framstår ikkje som særleg demokratisk og mangfaldig. I og med at stillingane skal lysast ut allereie i januar, hastar det at statsråden gjer noko dersom prosessen skal bli betre enn den no ligg an til å bli.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Som jeg tidligere har opplyst er det Domstoladministrasjonen som er ansvarlig for å lyse ut stillinger i domstolene, jf. Dokument nr. 15:913 (2020-2021).
Hvilke stillinger som skal lyses ut må baseres på en konkret vurdering og i tråd med gjeldende regler. Jeg har tillit til at Domstoladministrasjonen håndterer dette på en god måte.