Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1058 (2020-2021)
Innlevert: 24.01.2021
Sendt: 25.01.2021
Besvart: 29.01.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden liste opp effekten på kommunenivå om formuesskatten ikkje var ein del av inntektsutgjevningsordninga?

Begrunnelse

Etter at Bø kommune reduserte den kommunale delen av formuesskatten har debatten om dette blitt meir aktualisert. Eg har og merka meg at inntektsystemutvalet skal sjå på denne delen av intetsysstemet. Det hadde vært interessant å sjå effekten av å ikkje la formuesskatten inngå i utjevningsordningem på kommunenivå.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: I skatteutjamninga for kommunane inngår inntektene til kommunane frå skatt på inntekt og formue. Siste tilgjengelege oversikt over formuesskatt til kommunane er frå 2018. Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser i tabell 1 konsekvensar i skatteutjamninga av å ikkje la formuesskatten inngå i skatteutjamninga for 2018. Sidan 2018 har det vore endringar i både kommunestruktur og skatteinntekter og truleg fordelinga mellom inntektene til kommunane frå skatt på høvesvis inntekter og formue, samtidig som det vil vere avvik mellom skatteinngangen for formuesskatt og likningsår. Tabell 1 gir likevel indikasjonar på effekten av å halda formuesskatten utanfor skatteutjamninga.
Vedlagde tabell viser at endringane av å utelate formuesskatt frå skatteutjamninga varierer mellom ein gevinst på 4012 kroner pr. innbyggar (12 %) i Austevoll kommune og eit tap på 1855 kroner pr. innbyggar (-6 %) i Tjeldsund kommune. Store kommunar som Oslo, Bærum og Asker ville fått betydelege gevinstar av ei slik endring. For fleirtalet av kommunane – 369 av 422 kommunar – ville endringa medført eit tap.
Inntektssystemutvalet er gitt eit tilleggsmandat om å gi ei nærare vurdering av om lågare skattesatsar enn maksimalsatsane på skatt på inntekt og formue frå personlege skattytarar, er forenleg med dagens system for skatteutjamning. Utvalet er òg bedt om å sjå på korleis eit høve til å ha lågare skattesatsar bør handterast i inntektssystemet. I dagens system vil dette gjelda både for inntekts- og formuesskatten.