Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva er status knytt til fastsetting av nye retningslinjer for CO2-kompensasjon for industriverksemder i Noreg?
Begrunnelse
Som svar på spørjetimespørsmål frå underteikna 9. desember 2020 svara statsråden mellom ann fylgjande:
"Det er nettopp ESA som kjem til å fastsetje retningslinjene for CO2-kompensasjon for EFTA-landa. I fotnote 11 i EUs retningslinjer er ESA, på grunn av den norske vasskrafta, gjeve eit handlingsrom overfor EFTA-landa som ikkje gjeld tilsvarande for EUs medlemsland. Regjeringa jobbar no for at ESA skal ta omsyn til Noregs spesielle situasjon med tanke på vasskraft, og at vasskrafta vil ha ein verknad både for karbonfaktoren og i vurderinga av kva for enkeltverksemder som blir rekna som karbonlekkasjeutsette når det endelege regelverket er klart."
Dei nye retningslinjene skal gjelde frå støtteåret 2021, og det vil vere viktig for berørte verksemder å vite korleis dei nye retningslinjene vil slå ut for dei. Førebelse vurderingar som regjeringa har gjeve som svar på budsjettspørsmål fra Senterpartiet i november 2020 syner at ei rekkje industriverksemder står i fare for å miste heile eller delar av sin kompensasjon med dei nye retningslinjene.