Skriftlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1069 (2020-2021)
Innlevert: 25.01.2021
Sendt: 25.01.2021
Besvart: 29.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Kva konkrete grep vil statsråden foreta seg for å sikre at ladeinfrastruktur og landstraum som er delvis finansiert av Enova vert utforma slik at han faktisk kan nyttast av norsk næringsliv?

Begrunnelse

Det er i ei rekke hamner bygd ut ladeinfrastruktur og landstraum med støtte frå Enova. Denne er i altfor få tilfeller standardisert. Dette medfører at skip legg til kai, uten å kunne nytte seg av det utbygde tilbodet. Det er openbare behov for at utbygginga vert standardisert slik at norske skip kan velge ei felles løysing, alternativt må utbygginga også ta inn over seg at det valgt ulike løysingar på skip, slik at infrastrukturen vert utstyrt med ein eller flere adaptera slik at den påkosta infrastrukturen faktisk kan nyttast.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Enova er gjennom den nye avtalen for perioden 2021-2024 spissa som teknologi- og klimaverkemiddel. Formålet til Enova er å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar for ikkje-kvotepliktige utslepp og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova vil bidra til den nødvendige teknologiutviklinga fram mot 2030 og lågutsleppssamfunnet i 2050. Departementet styrer Enova på eit overordna nivå gjennom fireårige styringsavtalar. Innanfor rammene av avtalen er det opp til Enova å utforme program, prioritere mellom område og tildele støtte til enkeltprosjekt.
Det følgjer av regjeringas handlingsplan for grøn skipsfart at vi vil leggje til rette for rask utbygging av ladeinfrastruktur i heile landet gjennom ein kombinasjon av offentlege verkemiddel og marknadsbaserte løysingar, for å halde tritt med auka i elektriske transportmidlar. Hovudverkemiddelet for dette er Enova som har støtta prosjekt i transportsektoren med om lag 900 millionar kroner i året sidan 2016. I maritim sektor støttar Enova ladeinfrastruktur til låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar, elektrifisering av sjøtransport og etablering av landstraum i hamner og på fartøy.
Norske hamner skal i dag og framover dekkje eit aukande behov for landstraum til ein stor flåte med ulike tekniske løysingar. Parallelt går utviklinga fort innanfor batterihybridisering og ladeteknologi. Enova opprettar verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, og målet med landstraum-programma er å etablere ein levedyktig marknad for landstraum. Gjennom programma bidreg Enova til å bygge offentleg tilgjengeleg infrastruktur med god bruksutnytting, og tilbyr stønad til forprosjekt og tilrettelegging av fartøy. Dette bidreg også til koordinering mellom aktørane i denne verdikjeda.
Enova stiller konkrete krav om standardiserte løysinger i deira landstraumsprogram, og alle landstraumanlegg som mottar støtte skal tilfredsstille dei gjeldande standardane:

1. NEK IEC/ISO/IEEE 80005-1 Utility connections in port – Part 1: High Voltage Shore Connection (HVSC) Systems – General requirements
2. NEK IEC/PAS 80005-3 Utility connections in port – Part 3: Low Voltage Shore Connection (LVSC) Systems – General requirements

Enova deltar òg i standardiseringsarbeidet til Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) som arbeider med å vidareutvikling dei aktuelle standardane. NEK og Enova har saman etablert Landstrømsforum som er ein nasjonal arena for standardiseringsaktivitetar for landstraumforsyning. Styringsgruppa for landstraumforum består blant anna av NEK, Enova, NVE, Sjøfartsdirektoratet og DSB.