Aud Hove (Sp): Meiner statsråden at ein ved å ta ned så mange senger innanfor psykiatrien vil gje eit betre tilbod til dei som treng det mest, og meiner statsråden at det er klokt å samle tilbodet som barn og unge får ved barne- og ungdomspsykiatriskavdeling ved Kringsjåtunet i eit miljø med vaksne rusavheninge og sterkt psykotiske på det psykiatriske sjukehuset Sannerud?
Begrunnelse
«Hvordan kan nedleggelse av Kringsjåtunet styrke psykisk helse?» Spør Martina Andersson som er lærar ved skuleavdelinga ved barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling Kringsjåtunet i Sykethuset Innlandet. For ungdommar som kanskje ikkje har vore på skulen på to-tre år, som treng eit miljø som blir ein slags heim, men som samtidig treng å komme frå det daglege miljøet for å kome seg på fote att, er dette tilbodet viktig.
Nå har Sykehuset Innlandet HF bestemt at dette tilbodet skal flyttast til Sannerud, ikkje for å spare pengar, men for å fylgje utviklinga blir det opplyst. På Sannerud er det avrusings- og psykoseavdeling for vaksne og det uroar mange at barn og unge skal inn i lokaler saman med denne gruppa. Samtidig blir det færre plassar for barn og unge, frå 11 på Kringsjåtunet nå til 8 ved det nye.
Noko av svaret frå Sykehuset Innlandet er eit ambulerande team som da skal køyre kanskje 4 timar til Skjåk, hjelpe ein ungdom, for så å køyre attende att. Da blir det ikkje att mykje av arbeidsdagen til å hjelpe dei som sliter. Modige ungdommar står fram i nyheitene og er sterkt bekymra for at eit tilbod som har betydd at dei har fått lyst på livet att, nå ser ut til å bli fjerna.
Vi ser også drastiske kutt for psykiatrien generelt i Sykehuset Innlandet i dei nye planane frå Helse Sør-Øst. Det er allereie teke ned 60 senger sidan 2013 og nåverande 280 senger skal ned til 170. Vi ser også at politiet i stadig større grad må ta seg av denne pasientgruppa. Vi har døme på kommunar som no må kjøpe dyre, private tenester utanfor sitt eige fylke fordi pasientar ikkje får nødvendig tilbod hjå Sykehuset Innlandet.