Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gjere tydelege grep for å hindre bemanningskrise på lokalsjukehus på grunn av manglande rekruttering av intensivsjukepleiarar, og kan statsråden gjere greie for kva Helse Fonna har gjort av tiltak for å sikre rekruttering av intensivsjukepleiarar på kort og lang sikt?
Begrunnelse
Intensivsjukepleiarar ved Stord sjukehus har slått alarm for manglande kompetanse ved intensivavdelinga i framtida. Mange av sjukepleiarane kan gå av med pensjon i løpet av eitt år, eit problem det er varsla om mange gonger. Fyrste gong det vart sendt bekymringsmelding om dette var i 2014. I dag er det 20 intensivsjukepleiarar på Stord sjukehus. I løpet av tre år kan ni av dei ha gått av med pensjon. Seks kan slutta innan eitt år.