Geir Pollestad (Sp): Korleis vil statsråden syte for at ein får eit best mogleg faktagrunnlag om nedbygging av jord - og vil statsråden ta grep for å hindre bruk av tilbakeføring til LNF av ikkje innrapportert areal - som eit kompenserande tiltak ved vedtak om nedbygging?
Begrunnelse
Sjølv om nedbygginga av dyrka mark er redusert dei siste 20 åra så vert det stadig teke matjord til andre formål.
Stortinget har sett eit jordvernmål som går til 2020 og venter no på at statsråden skal leggja fram eit nytt mål med tilhøyrande tiltak.
Det har den siste tida vore merksemd kring tilhøvet mellom omdisponert areal og faktisk nedbygd areal. Det er og slik at det er store areal som i kommundelplan er vedteke omdisponert - men som ikkje er innrapportert.
Det har den seinare tida vore døme på at ein lokalt godtek konkrete nedbygging mot at ein tilbakefører omdisponert, men ikkje innrapportert, areal til LNF. Dette er eit politisk grep som ikkje gjer anna enn å svekka jordvernet samla sett all den tid at jordvernmålet ikkje vil tole at all jord omdisponert i kommuneplananer faktisk vert bygd ned.
I tillegg til dette har det den seinare tida kome fram at faktisk nedbygging er høgare enn innrapportert omdisponering. Det er den faktiske nedbygginga som påverkar vår evne til å produsera mat i framtida og ikkje kva farge eit areal har på eit plankart.