Skriftlig spørsmål fra Aud Hove (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1229 (2020-2021)
Innlevert: 07.02.2021
Sendt: 08.02.2021
Besvart: 11.02.2021 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Aud Hove (Sp)

Spørsmål

Aud Hove (Sp): Kan justisministeren klargjere kva som ligg i å sikre at alle rettsstader skal bestå og vere bemanna og kva dette betyr for Nord-Gudbrandsdal jordskifterett?

Begrunnelse

Eg er gjort kjent med at attendemeldingane frå Domstoladministrasjonen er sprikande på kva fleirtalet på Stortinget eigentleg har bede om for Nord-Gudbrandsdal jordskifterett. I Virksomheitsplanen for Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett og Nord-Gudbrandsdal jordskifterett står det at Stortinget har bede Domstoladministrasjonen om å prøve å rekruttere ein fast dommar til Nord-Gudbrandsdal jordskifterett i Vågå. Samtidig uttalar direktøren i Domstoladministrasjonen, Sven Marius Urke, at eit fleirtal i Stortinget har bede Domstoladministrasjonen å prøve å bemanne Nord-Gudbrandsdal jordskifterett. Dette skapar forvirring over kva som eigentleg er vedteke og korleis dette skal gjennomførast. Det er ikkje det same å rekruttere ein fast jordskiftedommar som at domstolen skal gjenopprettast eller bemannast.
Regjeringspartia og Frp inngjekk ei avtale «En moderne domstolsreform» der dei også nemner situasjonen ved jordskifteretten i Nord-Gudbrandsdal med tanke på å sikre ein bemanna jordskifterett. I utgangspunktet hadde denne jordskifteretten 2 jordskiftedommarar, 2 ingeniørar og ein saksbehandlar. Frå 2014 har Nord-Gudbrandsdal jordskifterett vore ein domstol utan bemanning eller lokale og det er på ingen måte ein situasjon vi i Oppland støttar. Alle sakar blir behandla frå Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Alle rettssteder som er regulert i forskrift, og dermed omfattet av strukturreformen, skal bestå og være bemannet. Rettsstedet i Våga er det eneste av disse rettsstedene som i dag er ubemannet. Bakgrunnen for dette er rekrutteringsutfordringer. Det har over tid vært store utfordringer knyttet til rekruttering av jordskifterettsledere og jordskiftedommere flere steder i landet. Jeg viser til tidligere svar på skriftlig spørsmål, jf. Dokument nr. 15:513 (2020-2021). Nord-Gudbrandsdal jordskifterett har derfor vært betjent fra Lillehammer siden 2013.
Stortingsflertallet har bedt «… Domstoladministrasjonen om å forsøke å rekruttere noen til Nord-Gudbrandsdalen jordskifterett etter at domstolsreformen er gjennomført for å sikre en bemannet jordskifterett», jf. Innst. 134 L (2020-2021). Jeg har vært i kontakt med Domstoladministrasjonen som opplyser om at de vil igangsette en prosess for å rekruttere en jordskiftedommer i Våga. Øvrig bemanning vil deretter måtte vurderes, og sees i sammenheng med det totale ressursbehovet til nye Vestre Innlandet jordskifterett.